Tre forfattarar – mange fantasiar

Ragnar Hovland, Torvald Sund og Lars Amund Vaage debuterte i 1979. Dei er alle fødde i 1952, og fornya den nynorske skjønnlitteraturen både i emneval og skrivemåtar.

I 1979 kom det ut om lag 450 nye skjønnlitterære bøker i Noreg. Tre av dei var skrivne av debutantane Ragnar Hovland, Torvald Sund og Lars Amund Vaage, som alle var fødde i 1952. Dei var med og fornya den nynorske skjønnlitteraturen både i emneval og skrivemåtar. Dei har gjort sitt til å viske ut mange av skilja mellom barnebøker og vaksenbøker. Men litterært har dei skapt svært ulike røyster.

Kontrastfylte vestlandsliv og -landskap pregar Ragnar Hovlands bøker. Hans figur er vandraren som alltid vil vidare og vekk, men som også lengtar attende og stikk innom. Dette er underfundig humor med mykje melankoli og mykje alvor ein stad under.

Undervegs har Torvald Sund flytta sine figurar og handlingar frå reindriftssamens høgfjell til fiskarens trøndelagskyst, og med si kulturhistoriske innsikt og sin groteske humor gått i retning av fabulerande forteljekunst.

Eit djupt eksistensielt alvor og ein sorgmunter tone pregar bøkene av Lars Amund Vaage. Hans rytmiske prosa opnar for lesarar som vil dikte med og tenkje over det som tek til, det som kan gå tapt, smerta og gleda over korleis kunst kan binde og frigjere.

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon), Geir Hjorthol (fagleg konsulent)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no