Litteraturhus i Møre og Romsdal slepp 25 arrangement for våren 2022

Kollasj utøvarar Litteraturhus i Møre og Romsdal våren 2022. Marit Eikemo, Jan Inge Sørbø, Erlend Skjetne, Halvor Folgerø, Bjørn Hatterud og Christine Fure Schwarz

I samarbeid med 13 kommunar har Nynorsk kultursentrum gleda av å presentere årets vårprogram for Sunnmøre. Praktiske føredrag, forfattarsamtalar og ein Bragepris-vinnar er blant det ein kan oppleve på bibliotek rundt om på Sunnmøre våren 2022. Tilboda er gratis og opne for alle. 

 I vårprogrammet får biblioteka besøk av forfattarane Marit Eikemo, Jan Inge Sørbø, Erlend Skjetne, Bjørn Hatterud, Halvor Folgerø og Christine Fure Schwarz. 

– Vi tilbyr eit breitt og spennande program som treff unge og vaksne med både lette og vanskelege tema. Gjennom litteraturprogrammet får bibliotekgjestar høve til å lære om alt frå miljøvenleg redesign til kronglete vestlandsvegar. Dei får også bryne seg på Brageprisvinnaren si forteljing om einslege, mindreårige flyktningar og deira møte med det norske samfunnet og ulike språk, seier Kim Åge Furuhaug, produsent i Nynorsk kultursentrum. 

Litteraturprogrammet byr på både krevjande og til tider humoristiske synspunkt på integrering og det fleirspråklege, inkluderande og terapeutiske samfunnet. I samband med Skeivt kulturår 2022 har vårprogrammet også med ei historie om å vere homofil, med nedsett funksjonsevne og klassereisande. 

Litteraturhus i Møre og Romsdal
Dei fem turneane i vårprogrammet er ein del av prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal, der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gir folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka. Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og andre aktørar. 

– Vi vidarefører suksessen frå oppstartsåret 2021, der vi i prosjektet saman med Bjørnsonfestivalen tilbaud 29 turnear med til saman 133 arrangement som nådde ut til 4575 gjestar i heile fylket. Prosjektet har på kort tid etablert lærerik utveksling av kompetanse, effektiv utnytting av ressursane og skapt arrangement i alle delar av fylket. Prosjektet verkar utjamnande på skilnadane mellom by og land når det gjeld litteraturtilbod til befolkninga, og forfattarane er nøgde med godt tilrettelagde turnéar med fleire oppdrag på kort tid, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum. 

Ambisjonane om å fordele tilbod på nynorsk, tilbod til barn og unge, og eit breitt utval innan sakprosa og skjønnlitteratur let seg realisere. Den treårige prosjektperioden vil styrke prioriteringane over tid og bidra til eit permanent løft for litteraturformidlinga i fylket. 

Programmet er variert og treff ulike målgrupper. Difor vil også arrangementa gå føre seg til ulike tidspunkt, både rundt lunsjtid, ettermiddag og på kveldstid. Det er meir informasjon om prosjektet på nynorsk.no, og om arrangementa på Facebook-sidene til biblioteka.