Vårstemning med Lisbeth Dreyer
Litteraturhus i Møre og Romsdal inviterer til ei hagevandring utanom det vanlege på dei lokale biblioteka i Volda, Stranda, Vanylven og Sula 20.–22. april. Forfattar Lisbeth Dreyer kjem for å snakke om den nye boka si Små hagar.
I foredraget «Den vesle hagen. Stor glede på liten plass» presenterer forfattar og filmskapar Lisbeth Dreyer særeigne, miljøvennlege, frodige og fantastiske hagar på små plassar. Boka har gode råd om grøne korridorar, kompost og korleis ein lagar jord og sår frø.
Utover våren skal også blant anna Gunnar Garfors leggje ut på turné på Sunnmøre, og utvalde skular får besøk av forfattarane Helene Guåker, Sigrid Agnethe Hansen og Hilde Myklebust. I sommar blir det også litteraturarrangement på Sunnmøre med Brit Bildøen.
– Vi følgjer nøye med på dei nasjonale smittevernråda og utset arrangementa dersom det vert tilrådd, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum. Slenes bed publikum følgje med på Facebook-sida til sitt bibliotek, eller Facebook-sida til Litteraturhus i Møre og Romsdal, for eventuelle endringar og informasjon.
Med prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal gir Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka i kommunane. Arrangementa er gratis, men med avgrensa plass og faste plassar er det krav om påmelding på førehand. Biblioteka er ansvarlege arrangørar og har system for påmelding, informasjon og smittevern i samsvar med gjeldande koronarestriksjonar.
Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane som deltek, og andre aktørar med regional forankring.