Vertskapsansvarleg Aasentunet (vikariat)

bilete frå resepsjonen i aasentunet med vertskap og tre gjester
Illustrasjonsbilete. Foto: André Hustoft Nesheim

Er du ein initiativrik, framoverlent og serviceinnstilt person? Vil du vere med å leggje til rette for gode kulturopplevingar for eit variert publikum? Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur har ledig vikariat (80 prosent) som vertskapsansvarleg ved Aasentunet i Ørsta frå 1. februar til 31. oktober 2024.

Vertskapsansvarleg er med på å utvikle publikumstilbodet i Aasentunet saman med resten av formidlingsavdelinga i Nynorsk kultursentrum. Du arbeider med å auke innteninga til Aasentunet gjennom marknadsføring og drift av butikk og kafé, gruppebesøk, arrangement, festival og utleigetilbod. Du vil også ha ansvar for å oppdatere informasjon i sosiale medium om arrangement, tilbod og hendingar i Aasentunet for ulike målgrupper. 

Ei av hovudoppgåvene er å halde publikumstilbodet ope etter gjeldande opningstider for Aasentunet, og setje opp turnus for ekstra bemanning ved utleige, helg- og kveldsarrangement. Det er høgt tempo i enkelte periodar, og du må kunne jobbe sjølvstendig og sjonglere fleire oppgåver samtidig. 

Vi søkjer deg med fagbrev i sal, reiseliv eller tilsvarande fagområde og kompetanse. Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for formell kompetanse. Erfaring med kassasystem, oppgjer, varebestilling og lagerteljing, er ein fordel. Du må ta relevant kurs og sertifisering for skjenkeløyve, og får opplæring i dette. 

Den som blir tilsett må rekne med nokre reiser i tillegg til helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale. 

Vikariatet er ledig frå 1. februar 2024, men tidlegare oppstart kan bli aktuelt. Kontorstad er i resepsjonen i Aasentunet i Ørsta. 

Grip sjansen! Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 12. november 2023 til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. 

Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Du kan opplyse om at du ønskjer å bli unnateke offentlegheit. Dette kan du søkje om og grunngi i e-posten som følgjer med søknaden. 

Ta kontakt med formidlingsleiar Tone Slenes, tlf. 91 51 88 22 for meir informasjon om stillinga.

Arbeidsstad:
Aasentunet, Ørsta

Tittel:

Utdanning:
Fagbrev i sal, reiseliv eller tilsvarande. Relevant røynsle kan erstatte fagbrev.

Søknadsfrist:
12. november 2023

Oppstart:
1. februar 2024 eller etter avtale

Stillingstype:
Vikariat, 80 %