Vesaas i verda – informasjon om utstillinga

Frå utstillinga Vesaas i verda
Frå utstillinga Vesaas i verda. Foto: Kristin Person/Nynorsk kultursentrum

Utstillinga er ei framstilling av Tarjei Vesaas som internasjonal forfattar, og viser vegen litteraturen hans tok ut i den store verda.

Dei siste 20 åra har Vesaas sine bøker blitt omsett heile 60 gonger til meir enn 26 språk. Til saman har det vore gitt ut over 160 omsetjingar av Vesaas sine verk gjennom tidene. Dette viser kor populær Vesaas sin litteratur har vore, og framleis er, i mange land i verda. 

Litteraturvitar Jan Inge Sørbø skriv i Nynorsk litteraturhistorie (2018) at «Det er lettare å forstå Vesaas ut frå [den europeiske] konteksten enn ut frå den norske samtida». Gjennom utstillinga «Vesaas i verda» viser me fram kvifor Vesaas si dikting har fått merkelappen internasjonal. Historikar Narve Fulsås si oversikt over omsetjingane og utgjevingane av Vesaas sine verk gjennom tida har danna grunnlaget for denne framstillinga. 

Utstillinga er sett saman i ein portabel koffert som inneheld ulike rom med illustrasjonar og forklarande tekstar om kven Vesaas var som internasjonal diktar. I tillegg er det laga postkort med utvalde sitat frå ulike omsetjarar av diktinga hans. Motivet på postkorta er framsidebileta til dei nyaste omsette versjonane av Vesaas sine verk ute i verda. Korta er laga i samarbeid med NORLA.

Kurator:
Tone Slenes (prosjektleiar), Kristin Person (formgjevar) og Stine Stennes Hovdenakk (tekstforfattar).

Samarbeidspartnarar:
Stein Versto, Narve Fulsås og NORLA.

Med støtte frå:
Bergesenstiftelsen og Vinje kommune 

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre