En bondefortelling

22. mai, kl. 19.00, Vinjesenteret

Katrine Kinn og Sondre Aasan. Foto: Arne Kinn
Katrine Kinn og Sondre Aasan. Foto: Arne Kinn

Onsdag 22. mai kjem forfattar og bonde Kathrine Kinn til Vinjesenteret. I samtale med bonde og lokalpolitikar Sondre Aasan fortel ho om boka si En bondefortelling og om livet som småbrukar. Dei diskuterer levekåra til bønder i Noreg, og korleis dei best kan drive, med omsyn til dyrevelferd og natur. 

Forfattar Kathrine Kinn (f. 1992) er bonde på eit småbruk i Telemark. Ho var nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag frå 2018 til 2020, og er no styremedlem i Telemark Bonde- og Småbrukarlag. Kinn har ein mastergrad i sosiologi og er fast spaltist i Klassekampen. En bondefortelling er hennar fyrste bok. 

Samtaleleiar Sondre Aasan (f. 1984) er bonde, lokalpolitikar og nestleiar i Telemark Bonde- og Småbrukarlag.  

Kathrine Kinn. Foto: Even Lundefaret

Type:
Samtale

Tid:
22. mai, kl. 19.00

Stad:
Vinjesenteret