Feiring av Aasmund Olavsson Vinje

6. april, kl. 13.00, Vinjestoga og Vinjesenteret

6. april er årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje. Vinjesenteret inviterer til markering på dagen, med fylgjande program:
 
Kl. 13.00
Omvising i Vinjestoga
v/Aasmund Nordstoga
 
Me går i samla flokk frå resepsjonen på Vinjesenteret. Møt gjerne opp kl. 12.45!
 
kl. 14.00
Kaffi og kake i resepsjonen på Vinjesenteret
 
Kl. 14.15
Formidling frå Vinjes barndomsheim: Livet med og ved Vinjestoga
Olav Nordstoga vaks opp ved barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje. Anne T. Romtveit har lang fartstid som omvisar i Vinjestoga. Denne dagen vil du høyre deira erfaringar og morosame forteljingar frå Vinjestoga. Kor lenge har det vore omvisingar i barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje? Kva spørsmål stiller dei besøkande? Har det vore dyr innom? Eller kjendisar? Dette og meir vil Olav og Anne snakke om, og det vil vere høve til å stille spørsmål.
 
Kl. 15.00
Vinjerevla – forteljinga om Storegut med nål og tråd
Denne dagen kan du vere med å brodere ei 12,5 meter lang revle basert på diktsyklusen Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje. Ordet ‘revle’ kjem av norrønt, ‘refill’, og tyder ein lang smal strimmel av tøy. Frivillige frå Vinje handverkslag rettleier deg i broderinga. Vinjerevla finn du i etasjen under Vinjesenteret.
 
Velkomen til ei feiring av A. O. Vinje sitt liv og diktarskap!
 
Både Anne T. Romtveit og Aasmund Nordstoga kan tingast til omvisingar i Vinjestoga: https://nynorsk.no/vinjesenteret/vinjestoga/ 

Type:
Vinje-feiring

Tid:
6. april, kl. 13.00

Stad:
Vinjestoga og Vinjesenteret