Lesering på Vinjesenteret

Oppstart 31. januar kl. 19.00

Glad i å lese?  

Del gleda di med andre i leseringen som medlem i vener av Vinjesenteret! Startar 31. januar kl. 19.00 på Vinjesenteret.  

Første bok ut er nobelprisvinnar Jon Fosses «Septologien». Desse sju banda, som var viktig del av grunngjevinga for prisen til Fosse, tek ein for seg annankvar onsdag fram til påske. Etter påske står Charlotte Brontës «Jane Eyre» og debutanten Oliver Lovrenskis «Da vi var yngre», på programmet.  

Bøkene blir selde i museumsbutikken på Vinjesenteret med rabatt til Venelagets medlemmer. 

Leseringen er eit tilbod til Venelagets medlemmer.
Årskontingenten for innmelding i Venelaget er for tida på kr. 300.
 

Ynskjer du å melde deg inn i vener av Vinjesenteret?
Send ein e-post til sigrid.vesaas@gmail.com
 

 Kontaktperson for leseringen er Oscar Johan Garnes, tlf. 901 88 544, e-post: ojgarnes@gmail.com

Type:
Leseringen

Tid:
Annakvar onsdag frå 31. januar kl. 19.00

Stad:
Vinjesenteret