Konsert med Solplomme
Fredag 23. mai, kl. 20.00, Lifjell kunstsenter
Laurdag 24. mai, kl. 14.00, Smørklepp kunstmuseum
Sundag 25. mai, kl. 14.00, Nutheim gjestegiveri

Opplev ein forsmak av midtsumar på tre unike stader…
Ei helg i mai får du få ein smakebit av midtsumaren på tre unike stader i Telemark: Lifjell kunstsenter, Smørklepp kunstmuseum og Nutheim gjestgiver og kunstnarhotell. Anna Kleiva og Vilde Tuv blandar naturpoesi med elektronika i verket Solplomme.
Solplomme er inspirert av naturen, folka, vesen, klimaet og stemninga i Romedalen i Ørsta, der verket fyrst blei framført. Verket er satt saman av opptak av lydar og forteljingar frå området, gjeve gjennom elektronikk, fløyter og vokal, framført i dialog med dikta. Med mytane og tradisjonane frå midtsumaren som utganspunkt, utforskar dei endringsvilja i naturen og i mennesket. Når sola vender, er alt vidope.
Framsyninga blei fyrst laga som bestillingsverk til Festspela i Ørsta. Verket har etterpå blitt framført på Munchmuseet i Oslo og på Bergen internasjonale litteraturfetival. No vil Kleiva og Tuv gjenskape poesien i jonsokbålet, spirande blomar og fellesskap i møte med regnbyer og fjellras i elektronisk musikk på tre unike stader i Telemark.
LIFJELL KUNSTSENTER
Tidspunkt: Fredag 23. mai kl. 20.00
Stad: Lifjell kunstsenter, Lifjellvegen 375, 3800 Bø i Telemark
Pris: 200 kr
Fredag 23. mai kl. 20.00 kjem Solplomme til Lifjell kunstsenter. Lifjell kunstsenter har sidan 2023 vore eit kunstnardrive hus for visuell kunst, skrivekunst, handverk, scenekunst, dans og video. Kunstsenteret held til i lokala til gamle Lifjell Hotell og har studio og arbeidslokale for kunstnarar, i tillegg til å vere galleri og arrangementslokale. Kunstnarane på Lifjell er opptekne av å skape eit ope og kontrastfylt kunstmiljø. Her finn du både sylvsmed, klassiske målarar, hardingfelemakar, samtidskunstnarar, fotografar og forfattarar. Meir informasjon finn du på https://www.lifjellkunstsenter.com/
SMØRKLEPP KUNSTMUSEUM
Tidspunkt: Laurdag 24. mai kl. 14.00
Stad: Smørklepp kunstmuseum, Smørklepp 92, 3890 Vinje
Pris: 200 kr
Laurdag 24. mai kl. 14.00 kjem Solplomme til Smørklepp kunstmuseum. Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit museum, med ei stor samling måleri av Henrik Sørensen og Harald Kihle. Frå parkeringa opp til museet er det 400 meter skogsveg med litt stigning. Kva med å starte laurdagen med eit stopp innom bakeriet på Mjonøy og så ein frisk gåtur opp til Smørklepp?
NUTHEIM GJESTEGIVERI
Tidspunkt: Sundag 25. mai kl. 14.00
Stad: Nutheim gjestegiveri, Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal
Pris: 200 kr
Sundag 25. mai kl. 14.00 kjem Solplomme til Nutheim gjestgiveri. I dalsida under Bindingsnuten, med utsikt mot Skorve og over Flatdal ligg kunstnarhotellet Nutheim. I fire generasjonar har kvinnene i familien drive det vesle hotellet. Fleire kunstnarar har vore innom og kvar sommar har dei utstilling både i låven og inne på hotellet.