Vinjerevla – forteljinga om Storegut med nål og tråd

Sjå oversikt i omtale for tidspunkt, Vinjesenteret

Vinjerevla

Vinter og vår 2025 kan du vere med å brodere ei 12,5 meter lang revle basert på diktsyklusen Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje. Ordet ‘revle’ kjem av norrønt, ‘refill’, og tyder ein lang smal strimmel av tøy. 

Vinjerevla finn du i etasjen under Vinjesenteret, og her møter du frivillige frå Vinje handverkslag som vil rettleie deg i broderinga. Saumen er så enkel at alle kan bli med. Velkomen! 

Frå februar og ut april er Vinjerevla open for publikum:

Onsdag       5.2 
Onsdag     12.2 
Onsdag     19.2 
Onsdag     26.2 

Onsdag       5.3 
Onsdag     12.3 
Onsdag     19.3 
Onsdag     26.3 

Onsdag       2.4 
Sundag       6.4: Markering av A. O. Vinjes årsdag. Meir info kjem.  
Onsdag     23.4 
Onsdag     30.4 

 Kl. 11-15 kvar gong (anna opningstid 6. april)

Type:
Brodering av Vinjerevla

Tid:
Sjå oversikt i omtale.

Stad:
Vinjesenteret