Nettseminar om Språklova og tilhøvet mellom engelsk og norsk i akademia
Velkomen til nettseminar tysdag 15. mars kl. 13–15. Då inviterer Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum til nasjonalt nettseminar om Språklova og om korleis engelsk og norsk blir brukt i utdanning, forsking og formidling ved norske UH-institusjonar.
Debatten om dette temaet gjekk friskt på fleire arenaer hausten 2021. Den viste at det er brei semje om at vi må ta vare på norsk som fagspråk, men også at det er ulike syn på kor stort problemet er, og kva som bør gjerast. Den nye Språklova vart gjeldande frå 1. januar i år, og på nettseminaret vil det bli retta eit søkjelys mot kva ho seier om tematikken.
Målgruppa for nettseminaret er først og fremst tilsette ved norske høgskular og universitet.
Målsetjinga er at det skal vere eit bidrag i arbeidet med å styrke norsk som fagspråk.
Innleiarar
Åse Wetås, direktør Språkrådet
Oddmund Løkensgard Hoel, statssekretær Kunnskapsdepartementet
Alexander H. Sandtorv, 1. amanuensis, Institutt for organisk kjemi, UiO
Sluttkommentar:
Jan Inge Sørbø, professor, Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda
Bakgrunnsdokument
- Språklova
- Språkkrav i tildelingsbreva til UH-institusjonane
- Aktuell kronikk av Åse Wetås: Universiteta har ansvar for å ta vare på norsk språk i akademia
Program
Fullstendig program og påmeldingslenke her
Påmeldingsfrist: Måndag 14. mars
13.00–13.05: Velkomen ved HVO-prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim
13.05–13.30: Språkdirektør Åse Wetås: Språklova og språkpolitikken: Skjerpa krav til arbeid med norsk fagspråk (20 min + 5 min. spørsmål)
13.30–13.55: Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel: Nytt løft for norsk språk i høgare utdanning og forsking (20 min. + 5 min. spørsmål)
Pause
14.00–14.25: Førsteamanuensis Alexander H. Sandtorv: Norsk fagspråk – erfaringer som forfatter og foreleser (20 min + 5 min. spørsmål)
14.25–14.45: Plenumsrunde med innleiarane: Moderatorstyrte spørsmål frå webinardeltakarane
14.45–14.55: Oppsummerande kommentar ved professor Jan Inge Sørbø
14.55–15.00: Takk og slutt.
Om innleiarane
Åse Wetås har vore direktør i Språkrådet sidan 2015. Ho har doktorgrad i nordisk språkvitskap og har tidlegare vore prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014.
(Foto: Moment Studio)
Oddmund Løkensgard Hoel er statssekretær for forsknings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp). Han har no permisjon frå stillinga si som professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet.
(Foto: Høgskulen på Vestlandet)
Alexander H. Sandtorv er 1. amanuensis ved Institutt for organisk kjemi ved Universitetet i Oslo. Han er oppteken av formidling og er aktiv som forfattar både for barn og vaksne. Han skriv ei fast spalte i Morgenbladet kvar veke og lagar podkastserien Tingenes tilstand med Kristopher Schau.
(Foto: John Trygve Tollefsen)
Jan Inge Sørbø er professor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Han er også forfattar og kommentator. Sørbø gjekk frå journalistikk til vitskap og har mellom anna skrive den første samla framstillinga om nynorsk skjønnlitteratur.
(Foto: Høgskulen i Volda)