Solplomme til Telemark

bilete av Vilde Tuv og Anna Kleiva som framfører verket Solplomme i Romedalen i Ørsta
Vilde Tuv og Anna Kleiva legg snart ut på ein miniturné i Telemark med verket «Solplomme». Foto: Nynorsk kultursentrum

Forfattar Anne Kleiva og musikar Vilde Tuv legg ut på ein miniturné i Telemark med verket «Solplomme». Fredag 20. september kan du oppleve dei på Lifjell, laurdag 21. september på Telemark kunstmuseum i Notodden og sundag 22. september på Smørklepp kunstmuseum i Vinje.

– Vi er glade for å kunne presentere «Solplomme», og ikkje minst for å kunne samarbeide med både nye og etablerte kunstinstitusjonar i Telemark, seier formidlar ved Vinjesenteret, Drifa Gudmundsdottir.

«Solplomme» var tingingsverk til Festspela i Ørsta i 2023, og er eit særeige møte mellom ord og musikk. I Anne Kleiva sine dikt, som kjem ut i bokform i haust, er sola, blomane og jonsokbålet viktige element. Dikta trekkjer også liner til tema som klima, fellesskap og uro. Musikken til Vilde Tuv er sett saman av naturlydar, elektronikk, fløyter og vokal, og blir framført i dialog med dikta.

Turnéen startar fredag 20. september, når duoen kjem til Lifjell kunstsenter på opningsdagen for Lifjell Open. Dagen etter blir dei å sjå på Telemark kunstmuseum i Notodden, som ein del av festivalen «Kunst i spire». Sundag 22. september kan du oppleve «Solplomme» på Smørklepp kunstmuseum i Vinje. Turnéen er i regi av Vinjesenteret.