​​Sterke og rørande inntrykk under Festspel​a

Bilete av Kari Bremnes på Utecena i Aasentunet
500 møtte opp for å få med seg ein fantastisk konsert med Kari Bremnes på Utescena i Aasentunet. Foto Nynorsk kultursentrum

Vi har lagt bak oss ei fantastisk festivalhelg, med eit variert og innhaldsrikt program for besøkande i alle aldrar. Det har vore eit yrande liv i Aasentunet under festspeldagane. Laurdag kveld fekk 500 gjestar oppleve ein nær og magisk konsert med Kari Bremnes på Utescena.

Temaet «Heime – ute» har vore gjennomgåande for årets Festspel, og den nynorske litteraturen har blitt sett inn i ein internasjonal kontekst. Temaet har blitt løfta fram i fleire samtalar, mellom anna med årets Festspeldiktar Knut Ødegård, som er omsett til 42 språk. 

Godt over 3000 gjestar har vore innom Festspela noko som var over forventninga. 
– Vi er veldig godt fornøgde. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå publikum og det er godt å sjå så mange ha det kjekt under Festspela. Gjestane har opplevd programpostar som er både tankevekkjande og morosame, i tillegg til minneverdige musikalske inntrykk. Vi hadde ikkje klart å gjennomføre denne festivalen utan sponsorane våre og alle frivillige som legg ned ein fantastisk innsats, seier produsent Kim Åge Furuhaug.  

Mange høgdepunkt  
Fylkesordførar Anders Riise stod for den offisielle opninga på Utescena i Aasentunet.  
– Skal vi kunne auke lese- og skrivelysta blant barn og unge, må dei møte litteratur på sitt eige skriftspråk og oppleve språket i bruk. Festspela er nettopp ein slik møtestad der ein får opplevingar på det nynorske språket, sa Riise under opningstalen. 

Fire dagar med høgtlesingar, føredrag og samtalar har latt publikum kjenne på heile kjensleregisteret. Kristin Fridtun og André Ulveseter gav oss ein tankevekkande og morosam samtale om trangen til å rette på skrivefeil. Publikum fekk også ein underhaldande og rørande samtale om dialekt og heimstad i rappmusikk med Jørgen Nordeng og Runar Gudnason.  

– Det har vore ei ære å ha så mange sterke forfattarar og dyktige kunstnarar med på festivalen. Det er også veldig kjekt at vi tilbyr eit eige Festsprell-program for barn og unge. Barnebokbadet med Maria Parr og fjerdeklassingane Jakob, Sebastian og Georg var eit av fleire høgdepunkt, seier konstituert arenaleiar Ida Karin Aarflot Kornberg. 

Bilete av Olav Øyehaug Opsvik, Jørgen Nordeng og Runar Gudnason
Jørgen Nordeng frå Tungtvann og Runar Gudnason frå Sidebrok snakka om dialekt og heimstad i rap. Samtalen vart leia av Samtaleleiar direktør i Nynorsk kultursentrum Olav Øyehaug Opsvik. Foto: Nynorsk kultursentrum
Bilete av Maria Parr og fjerdeklassingane Jakob, Sebastian og Geog frå Øyra skule
Maria Parr vart bokbada av fjerdeklassingane Jakob, Sebastian og Geog frå Øyra skule. Foto Nynorsk kultursentrum

Festspeldiktaren 2024 
Festspeldiktaren Knut Ødegård har delteke på fleire arrangement. Han las mellom anna eigne tekstar i eit fullpakka lokale på Fru Svendsen laurdag føremiddag, og gav publikum ein rørande samtale med Jan Ove Ulstein i Aasentunet søndag. 

– Det har vore viktig for meg å få tematisere livssyn i samtalane, og arrangementa har hatt ei fin blanding av intervju, lesing og musikk. Programmet har vore tett, og det er fantastisk at det kjem så mykje folk for å høyre på. At det blei stappfullt med folk på kaféen som vil høyre på diktlesing ein laurdag føremiddag, er veldig kjekt, seier festspeldiktar Knut Ødegård. 

Bilete av Festspeldiktar Knut Ødegård
Festspeldiktar Knut Ødegård delte sterke og gripade tekstar med publikum. Foto: Nynorsk kultursentrum

Festspela 2025 
Arbeidet med Festspela 12.–15. juni i 2025 er alt i gang. Då vil Festspeldiktaren vere forfattar Marit Kaldhol frå Ålesund, som mange har eit forhold til heilt frå barndomen av. Ho har skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom, og har i tillegg gitt ut lyrikk, noveller og romanar for vaksne.