Nynorsk.no / Aktuelt / ─ No gler eg meg veldig til Litteraturdagane, rett nok med ganske mange sommarfuglar i magen
─ No gler eg meg veldig til Litteraturdagane, rett nok med ganske mange sommarfuglar i magen
Litteraturdagane i Vinje 26.–29. september blir Yngve Knausgård sine aller første som arenaleiar og festivalsjef. Knausgård har vore på plass ved Vinjesenteret sidan februar og har allereie funne seg godt til rette, både i bygda og som arenaleiar. – No gler eg meg til å feire Litteraturdagane saman med både lokale og tilreisande gjester, seier Knausgård.
Ein skulle kanskje tru det var vanskeleg for ein mann frå kysten å finne seg til rette i innlandsbygda Vinje. – Tvert imot, forsikrar Knausgård. – Eg set stor pris på å bu i Vinje, og eg har blitt svært godt tatt imot både i bygda og på Vinjesenteret. Så drar eg heim til Arendal av og til i helgane, og då får eg jo det beste av to verder, seier han.
Kraftfulle dagar
Litteraturdagane i Vinje er solid forankra i bygda, kulturen og nærmiljøet. Den raude tråden for festivalen tek oss både inn i det lokale og ut i verda. I år er temaet for Litteraturdagane “kraft”, med ord som skaparkraft, berekraft og vasskraft som inspirasjonskjelder.
– Skrifta, språket, litteraturen og journalistikken har krefter i seg til å forme både omgjevnadane rundt oss og landskapet me har inni oss. Eg ser fram til å oppleve ulike innfallsvinklar til temaet me har valt for årets Litteraturdagar, seier Knausgård.
Ein nesten utømmeleg arv
– Eg trur blandinga av sakprosa, skjønnlitteratur, tradisjonsrike føredrag knytt til Vinjeforfattarane, og ikkje minst møtet mellom musikk og litteratur, er styrken til Litteraturdagane, seier Knausgård.
– Vinje og Litteraturdagane har ein nesten utømmeleg litterær arv å bygge vidare på, noko eg ser fram til å vere med på å vidareutvikle.
Ein strålande jobb
– Det meste av programmet var klart då eg kom til Vinjesenteret i februar. Der har programrådet og ikkje minst vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland, gjort ein strålande jobb saman med resten av dei tilsette ved Vinjesenteret, seier Knausgård.
– Det er veldig moro at det i festivalveka kjem ut eit nytt nummer av Donald Duck-bladet med ei stripe på Vinjemål. Dette skal me sjølvsagt markere her i Vinje under Litteraturdagane, lovar Knausgård. Fredagskvelden kan publikum høyre Donald-teiknar Arild Midthun i samtale med Donald-omsetjar Asmund Nordstoga, og laurdag føremiddag inviterer me til eit gratis familiearrangement der Midthun vil teikne og fortelje om Donald Duck.
– Det er alltid spennande med festival, og Litteraturdagane er særleg heldig som har eit dedikert publikum og ein stor stab av flinke frivillige. Så no gler eg meg veldig, rett nok med ganske mange sommarfuglar i magen, eller fivreld, som dei seier her, avsluttar Knausgård.