100 000 i støtte til biletbokjubileum i 2023

Bilete av representantar frå Nynorsk kultursentrum og Sparebanken Vest
Nynorsk kultursentrum fekk 100 000 kr frå Sparebanken Vest til å feire 100 år med nynorske biletbøker for born. Foto: Nynorsk kultursentrum

Sparebanken Vest gav 1. november ei tidleg julegåve til nynorskungar på heile Vestlandet. Nynorsk kultursentrum får 100 000 kr til å feire 100 år med nynorske biletbøker for born saman med ungar frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord.

Sidan Magnhild Haavardsholm og Karen Grunde Koht gav ut Regler og rim for barn, den første biletboka for barn på nynorsk i 1923 har dei nynorske biletbøkene blitt mange og mykje lesne.

Retting: Etter at denne artikkelen blei publisert, har vi blitt gjort merksame på at den første biletboka for barn på nynorsk kom i 1911, «Kringla» av Gudveig Høyem. Vi synest framleis den nynorske biletboka er verdt ei feiring.
 

Nynorsk kultursentrum planlegg å bruke støtta frå Sparebanken Vest på barnekunstutstillingar der barnehagebarn lagar kunst inspirert av ei nyare nynorsk barnebok. Boka vert avslørt seinare.

– I fleire år har vi invitert barnehagebarn frå Ørsta og Volda til slike prosjekt. Denne støtta gjer at me i høve jubileet i 2023 kan utvide til større delar av Vestlandet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.