Nynorsk.no / Aktuelt / Toppkarakterar for Nynorsk kultursentrum i museumsvurderinga for 2022
Toppkarakterar for Nynorsk kultursentrum i museumsvurderinga for 2022
Nynorsk kultursentrum får toppkarakter på alle punkt i Kulturdirektoratet si vurdering av musea i Noreg i 2022. – Dette viser at det gode og systematiske arbeidet dei tilsette gjer, blir lagt merke til. Slike resultat kan vi berre oppnå med tilsette med stort engasjement, vilje til å løyse utfordringar og solid kunnskap, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.
Kulturdirektoratet vurderer alle musea i det nasjonale museumsnettverket på dei fire områda formidling, forvaltning og bevaring, og forsking, utvikling og nettverksarbeid. For å bli vurdert til karakteren «Meget tilfredsstillende» må museet gjer godt arbeid på desse områda, ha plandokument, drive berekraftig utvikling, dokumentere arbeidet sitt og har strategiar for å betre museet, skriv Kulturdirektoratet i rapporten.
Formidling
– I 2022 har organisasjonen nådd langt utanom Haugesenteret, Vinjesenteret og Aasentunet. Vi har vore til stades i 104 kommunar landet over, med mellom anna forfattararrangement, vandreutstillingar og Den kulturelle skulesekken. Det er utruleg stas at Kulturdirektoratet set pris på arbeidet vi har gjort, held Øvereng fram.
Dei tilsette i Nynorsk kultursentrum arbeidde tettare saman med barn og unge i 2022.
– Barn og unge i ulike aldrar har gitt råd til nettutstillinga «Ungt språkengasjement», vandreutstillingar og andre formidlingstilbod. Barnehagebarn har lese biletbøker og laga barnekunstutstilling i Aasentunet. I 2023 har vi slike prosjekt nasjonalt, seier formidlingsleiar Tone Slenes.
Nynorsk kultursentrum får dessutan skryt for arbeidet med å synleggjere nynorsk litteratur og språk både digitalt og fysisk, mellom anna i samband med markeringa Skeivt kulturår 2022.
Forvaltning og forsking
Nynorsk kultursentrum har òg arbeidd med å gjere gjenstandar frå samlingane digitalt tilgjengeleg for alle.
– I 2022 har vi digitalisert mykje av boksamlingane til Ivar Aasen og Olav H. Hauge. Dessutan trekkjer Kulturdirektoratet fram at vi ligg svært godt over landsgjennomsnittet når det gjeld forsking. Satsingane på å gjere samlingane våre tilgjengeleg og forske på nynorsk skriftkultur held fram i åra som kjem, seier Olav Øyehaug Opsvik, forskings- og samlingsleiar i Nynorsk kultursentrum.
– Eg er veldig imponert over jobben våre dedikerte tilsette gjer for nynorsk skriftkultur og nynorskbrukarane, som har gjort at vi er eitt av to museum som får berre toppkarakterar i Kulturdirektoratet si vurdering, avsluttar konstituert direktør Gaute Øvereng.