Nominer kandidatar til Olav H. Hauge-stipendet

Bilete av vinnaren av Olav H. Hauge-stipendet i 2022 Priya Bains.
Vinnar av Olav H Hauge-stipendet i 2022 Priya Bains. Foto: Ådne Dyrnesli

Olav H. Hauge-stipendet på heile 150 000 kroner blir tildelt ei diktarrøyst under 40 år, som har utmerkt seg med eit poetisk talent som lyrikar, tekstforfattar eller songpoet. Stipendet blir delt ut under opninga av Poesifestivalen fredag 13. september 2024.

Haugesenteret og Nynorsk kultursentrum oppretta stipendet i 2018 for å løfte fram nye poetiske røyster. Stipendet femner om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.  

– Dei fleste litterære prisar går til etablerte forfattarar. Dette er derimot ein rein lyrikkpris som går til ei ung og særprega diktarstemme. Tanken bak Olav H. Hauge-stipendet er å sikra talentfulle lyrikarar gode arbeidsvilkår og bidra til kunstnarleg utvikling, seier Jorid Lekve Eide, arenaleiar ved Haugesenteret.

Lyrikar Erlend O. Nødtvedt var den aller fyrste som mot tok stipendet. Songpoeten Endre Olsen frå Stord vann stipendet i 2020, og lyrikkdebutanten Priya Bains tok imot prisen i 2022.

– For meg har stipendet frigjort det poetar treng aller mest, nemleg skrivetid. Og så er det stas å få oppgåva med å skrive bestillingsverket til neste Poesifestival, seier den førre stipendet-mottakaren Priya Bains.

Alle kan fremja forslag til kandidatar til stipendet på nettstaden nynorsk.no fram til 1. mars. Fagjuryen består av Brit Bildøen, Pedro Carmona-Alvarez, Kristin Vego og representantar frå Haugesenteret.    

– Hauge var oppteken av dei nye lyrikarane i samtida si. Dei unge på si side las Hauge med dedikasjon og takk. Nobelprisvinnar Jon Fosse er berre ein av mange unge litteratar som har vore på pilegrimsferd til Ulvik for å studere Hauge og diktinga hans. Difor er det også heilt naturleg at stipendet har fått namn etter den store diktaren frå Hardanger, avsluttar Jorid Lekve Eide.    

Stipendet er finansiert av Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger.