Nynorsk.no / Nettutstillingar / Skeiv litteraturfest / Kvifor må det heite skeiv litteraturfest?
Kvifor må det heite skeiv litteraturfest?
Vi brukar ordet skeiv for å signalisere at noko er annleis, samtidig som vi meiner at skeive er som alle andre. Får vi til begge delar samtidig?
Språk er makt, og språket formar verda rundt oss. Språket fortel kva som er normalt og kva som er innanfor. Språket vårt fortel også kva som er på utsida, og kva som er annleis.
Kva er for eksempel skilnaden på eit ekteskap og eit skeivt ekteskap? Eller kva med skilnaden på ein litteraturfest og ein skeiv litteraturfest? Nokre gonger er det nyttig og viktig å signalisere at noko er unikt og avgrensa, andre gonger ikkje.
Treng vi å gjere eit nummer av det skeive? Svaret er både nei og ja.
Utanforskap utanfor skapet
Eit viktig argument mot å bruke skeiv som adjektiv, er at språket opprettheld eit utanforskap som vi prøver å kjempe imot. Ordet kan gjere innhaldet mindre relevant for fellesskapet, og signaliserer at det ikkje er like viktig, vanleg eller verdifullt som det andre, det ikkje-skeive.
Å bruke eit adjektiv for å avgrense eller presisere kven eller kva det handlar om, liknar den unødvendige presiseringa om kvinner som gjer kule greier. Uttrykka “kvinneleg forfattar”, “kvinneleg fotballspelar” og “kvinneleg toppsjef” bidreg ikkje til likestillingsarbeidet. Det ekstra ordet vektlegg at personen er ei kvinne, og kan bidra til at vi vurderer prestasjonane som mindre verdifulle enn dersom personen hadde vore ein mann.
Eit utilsikta B-lag
På same måte skapar skeivt ekteskap eit unødvendig og utilsikta B-lag. Litt av poenget med den kjønnsnøytrale ekteskapslova er å sikre at alle kan gifte seg med den dei vil, uavhengig av kjønn og seksualitet. Lova unngår å lage eit A-lag og eit B-lag, og ei språkleg re-innføring av underkategorien skeivt ekteskap tar oss berre bakover i tid.
Å bruke kvinne eller skeiv for å signalisere at noko ikkje høyrer til normalen, hindrar det verkelege arbeidet: å sikre at alle kan gifte seg med den dei vil, og lukkast som forfattar, fotballspelar og toppsjef, uavhengig av kjønn og seksualitet.
Samtidig erfarer eg at det er svært relevant å bruke skeiv som adjektiv i andre samanhengar. Ordet har nemleg ein annan, livsviktig funksjon; det inviterer til fellesskap.
Frå utanforskap til fellesskap
Dersom ordet skeiv dukkar opp når eg les ein avisartikkel, ser ein film eller blir kjent med nye folk, så skjer det noko med meg. Ordet gjer at eg relaterer til situasjonen på ein annan måte, for plutseleg er temaet, menneska og historiene relevante for meg og mitt liv. Eg kan sjå meg sjølv i verda.
Eg ser at eg ikkje er åleine, at andre som meg kan lukkast, trivast og bli verdsett. Å lese om meg sjølv inspirerer meg til å strekke meg, våge meir, ta sjansar og satse. Nokon har gått føre, og det er plass til fleire som meg.
Mange har kjempa mot fordommar, mot utanforskapet og mot å vere eit B-lag. Kanskje er dei synlege på trass av at dei er skeive. Men tanken om at dei kanskje også har lukkast fordi dei er skeive, er minst like kraftfull. Utanforskapet gir kraft til det skeive blikket, kraft til å utforske, kritisere, skape og vise veg.
Ein felles, skeiv kamp
Ordet skeiv fungerer difor som ein romsleg paraply som rommar alle som høyrer heime i LHBTQ+-familien. Ordet manar til ein felles kamp. Vi opplever diskriminering og motstand i ulik grad, men vi vert sterkare av å stå saman.
Skeiv kamp anno 2022 inkluderer arbeid for å sikre medisinsk behandling for transpersonar og arbeid for å anerkjenne ikkje-binære i lovverk og i språk. Vi må også arbeide for å gjere det lettare for skeive som høyrer til fleire minoritetar å leve fritt, trygt og som del av fellesskapet.
For meg er ordet skeiv ein invitasjon til å bli med på den felles kampen. Ordet trengs.
Så ja til skeiv litteraturfest, med tekstar av skeive folk, tekstar som viser krafta i eit skeivt blikk på verda og på livet. Her er det vi som styrer ordet.
Åsmund Husebø Eikenes er forfattar, biolog og forskar. Han har mellom anna gitt ut romanen Håkon (2019) og dei populærvitskaplege bøkene Handbok (2016) og SPRUT (2018).