Nynorskorganisasjonane forventar kulturløft

Svein Olav Brandtzæg Langåker. Foto: Magne Langåker

I nyare tid har inga tidlegare regjering lagt fram eit kulturbudsjett der nynorskdelen er under 2 prosent. – Me har von til at SV prioriterer å løfte nynorsktiltaka i budsjettforhandlingane, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

På vegner av 17 nynorskorganisasjonar var Sandsmark og Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK Nynorskkommunane, i budsjetthøyringar i Stortinget tysdag. Dei deltok i familie- og kulturkomiteen og kommunal- og forvaltningskomiteen. – Det er 113 kommunar med nynorskopplæring i grunnskulen. Me krev betre tiltak for å sikre vaksenopplæring på nynorsk for innvandrarar og betre kulturtilbod på nynorsk i desse områda, seier Langåker.

– Eit monaleg løft for barn og unge er viktig. Me vil at dei 7 000 førsteklassingane som byrjar med nynorsk i grunnskulen kvart år skal verte glade og trygge i språket sitt gjennom eit breitt kultur- og medietilbod gjennom heile livet, seier Sandsmark. Han peika på at det er behov for auka produksjon av barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Seks prosent av desse bøkene er på nynorsk, medan delen nynorskbrukande barn og ungdom nesten er det dobbelte.

– SV og regjeringspartia bør ikkje kunne leve med å redusere nynorskdelen av kulturbudsjettet i det første året språklova gjeld. Dei kritiserte den førre regjeringa for å ha for låge språkambisjonar. Eit samla nynorsk-Noreg ventar at dei leverer eit nynorskløft i statsbudsjettet for 2023, avsluttar Per Magnus Finnanger Sandsmark.