Nynorsk.no / Aktuelt / Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret
Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret
Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga blir pensjonist 1. mai.
– Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet med å utvikla Haugesenteret vidare som eit nasjonalt museum for lyrikk i mange former! For framtida gjeld det å styrkja utgangspunktet me har, og stadig vera open for nye idear, seier Jorid Lekve Eide.
Ulvikjen Jorid Lekve Eide (40) er utdanna biletkunstnar frå Kunstakademiet ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho kom attende til heimbygda som festivalprodusent for Poesifestivalen i 2014. Sidan det har ho arbeidd med sal, marknadsføring, arrangement og drift av Haugesenteret og Poesifestivalen i ulike roller. Frå 2020 har tittelen vore vertskaps- og programansvarleg. Ho har trua på at det ein skapar i eit lite lokalsamfunn også får ringverknadar i eit større og nasjonalt perspektiv.
– Å få lov til å opna nye dører inn til lyrikken til Olav H. Hauge og nyare samtidslyrikk, er nesten meir som ei gåve enn eit arbeid for meg, seier Eide. – I poesien kan me oppleva mykje på kort tid og på få linjer. Eg ser fram til fargerike kvardagar der formidling av lyrikk, litteratur og språk står sentralt, utdjupar ho.
Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje i Telemark.
– Med Geir Netland i førarsetet har Haugesenteret etablert seg som ein viktig kulturinstitusjon i Hardanger og Noreg. Jorid Lekve Eide, med kunstnarbakgrunn, organisasjonstalent og poesiengasjement, kjem til å tilføre leiargruppa i Nynorsk kultursentrum viktige eigenskapar for å nå måla ved Haugesenteret og for heile institusjonen, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark som er direktør i Nynorsk kultursentrum.
Stillinga som program- og vertskapsansvarleg vert lyst ut litt seinare i januar med frist i februar.