Nynorsk.no / Aktuelt / Heidi Lund Berg er ny vertskaps- og programansvarleg ved Haugesenteret
Heidi Lund Berg er ny vertskaps- og programansvarleg ved Haugesenteret
Heidi Lund Berg (35) flytta frå Bergen til Børsheim Gard i Ulvik med mann og born i 2020. No har ho tatt over stafettpinnen som vertskaps- og programansvarleg etter Jorid Lekve Eide som frå 1. mai er ny arenaleiar ved Haugesenteret
– Eg ser fram til spennande arbeidskvardagar i ein levande og utadvent organisasjon som Nynorsk kultursentrum, seier Lund Berg.
Heidi er utdanna arkeolog med master frå Universitetet i Oslo og doktorgrad frå Universitetet i Bergen i 2021. I tillegg har ho både formidlar- og arrangørerfaring.
Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur, med arrangement og utstillingar i heile landet, både fysisk og digitalt og ved arenaene Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje i Telemark.