Nynorsk.no / Aktuelt / Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur
Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur
Nynorsk kultursentrum gratulerer Jon Fosse hjarteleg med tildelinga av Nobelprisen i litteratur. – Dette var svært gledeleg og fortent, seier konstituert direktør Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum.
Jon Fosse er den første nordmannen som vinn Nobelprisen i litteratur sidan 1928. Han er allereie godt kjend i litteratur- og teaterkrinsar verda over. – Diktinga til Jon Fosse er veldig særeigen og veldig allmenn på ein gong. Det er imponerande. Det er svært fortent at Fosse får denne heideren, seier Øvereng. Flagget gjekk til topps på alle dei tre arenaene våre, Aasentunet, Haugesenteret og Vinjesenteret, då dette blei kjent.
Det er i år 40 år sidan Fosse debuterte som romanforfattar og 30 år sidan han debuterte som dramatikar. Sidan har han etablert seg som ein av våre fremste og mest produktive forfattarar gjennom ei lang rekkje bøker i fleire sjangrar. Fosse er mellom dei mest spela nolevande dramatikarane i verda, og bøkene hans er omsette til meir enn 50 språk. Fosse har òg omsett og gjendikta fleire verk til nynorsk, mellom anna klassikaren Prosessen av Franz Kafka og barneklassikaren Den vesle prinsen av Antoine de Saint-Exupéry.
Fosse har motteke ei lang rekkje nasjonale og internasjonale prisar, mellom anna Nynorsk litteraturpris, Norsk kulturråds ærespris, Brageprisen, Kritikarprisen og mange fleire. I 2015 fekk han Nordisk råds litteraturpris for Andvake-trilogien. I 2011 gav regjeringa Fosse statens æresbustad for kunstnarar, Grotten.
Sist ein norsk forfattar fekk Nobelprisen i litteratur var for 95 år sidan, då Sigrid Undset fekk prisen. Dei to andre nordmennene som har fått prisen er Bjørnstjerne Bjørnson og Knut Hamsun. Det er første gongen at ein nynorskforfattar får prisen, og det er derfor også ein historisk dag for nynorsk skriftkultur og litteratur. – Jon Fosse har i fleire år vore ein favoritt for Nobelprisen i litteratur. Dette har vi venta på! Jubelen stod i taket då nyheita kom, avsluttar ein glad Øvereng.