Nasjonale koordineringsoppgåver knytt til privatarkiv om nynorsk

Illustrasjonsfoto arkiv. Foto: André Hustoft Nesheim

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, har gjennom avtale med Arkivverket eit nasjonalt koordineringsansvar for privatarkiv knytt til nynorsk skriftkultur.

Koordinering og rådgjeving
Som koordinerande institusjon vil Nynorsk kultursentrum arbeide systematisk for at bevaringsverdige privatarkiv i Noreg knytt til målreising, nynorsk skriftkultur og kulturhistorie blir innsamla, ivaretatt og så langt som råd gjort tilgjengelege. 

Nynorsk kultursentrum har avgrensa magasinplass og skal ikkje sjølve samle inn og oppbevare arkiva utover det som er vedteke i institusjonens eigen samlingsplan, men vere ein koordinerande aktør. I samsvar med avtalen med Arkivverket skal stiftinga sørgje for å koordinere arbeidet med resten av arkivsektoren, særskild dei fylkeskoordinerande institusjonane for regionale og lokale arkiv, Arkivverket og Nasjonalbiblioteket. Gjennom kartlegging, informasjon og rådgjeving vil vi bidra til at denne viktige dokumentasjon blir ivaretatt for ettertida. 

Bevaringsplan
Ein viktig del av dette ansvaret er å utarbeide ein nasjonal samordnings- og bevaringsplan for historiske arkiv knytt til nynorsk skriftkultur. Målet med arbeidet er å kartleggje kva som finst av arkiv som dokumenterer bruken av nynorsk og personane som på ulike måtar har arbeidd for nynorsk, og også kva som ikkje har blir bevart. Slik vil arbeidet bidra til at vi i framtida sikrar at eit representativt og mangfaldig utval av regional og nasjonal nynorsk skriftkultur blir dokumentert og ivaretatt. Bevaringsplanen kan også bli eit godt verktøy for dei som vil skrive om eller forske på nynorsk skriftkultur og kulturhistorie. 

Som ansvarleg for dette samfunnsområdet vil vi ha ein rådgjevande funksjon opp mot arkivsektoren og andre, og gjere Arkivverket merksam på særskilde verneverdige arkiv innan feltet. Det er også viktig å  få på plass standardar for markering av nynorsk skriftkultur i digitale løysingar, slik at det blir enkelt å finne fram til desse arkiva på tvers av dei einskilde arkivinstitusjonane i framtida. 

Kartlegging
Etter innleiande fasar, der vi mellom anna har vore på besøk hos andre arkivinstitusjonar med ulike sektoransvar, startar vi hausten 2023 for fullt med arbeidet med bevaringsplanen. Som ein del av prosessen vil vi kartleggje kva som finst av nynorsk-arkiv rundt om. Vi kjem derfor til å ta kontakt med organisasjonar i målrørsla, ABM-institusjonar, privatpersonar og andre for å innhente informasjon. Bevaringsplanen vil bli sendt ut på høyring etter sommaren 2024 til ulike institusjonar, og planen er å ferdigstille han til styrehandsaming hausten 2024. 

Ansvarsområdet vårt gjeld privatarkiv, då kommunale arkiv er omfatta av andre bevaringsordningar. Kommunale arkiv er derfor ikkje ein del av dette arbeidet og blir heller ikkje omfatta i vårt koordineringsansvar. Når vi snakkar om arkiv knytt til nynorsk skriftkultur, handlar det ikkje om alle arkiv nynorsk. Arkiva må dokumentere nynorsk i bruk utover å berre vere skrivne på nynorsk, eller dokumentere organisasjonar eller privatpersonar sitt arbeid for og med nynorsk. 

Meir informasjon vil kome. Ta gjerne kontakt med oss om du har innspel eller spørsmål eller tips om aktuelle arkiv. Kanskje har du noko som kan vere relevant? 

Som institusjon med tildelt nasjonalt ansvar for privatarkiv, er Nynorsk kultursentrum med i Arkivverkets privatarkivnettverk og Riksarkivarens strategiske råd. 

Om bevaring av privatarkiv og ansvarsfordeling
Arkivverket har ansvar for å langtidsbevare, gjere tilgjengeleg og formidle prioriterte privatarkiv. Det regionale bevaringsarbeidet skjer gjennom dei fylkeskoordinerande institusjonane. I tillegg har nokre bevaringsinstitusjonar fått klart definerte nasjonale ansvarsområde, slik som Nynorsk kultursentrum har for privatarkiv knytt til nynorsk skriftkultur. 

Oversikt på arkivverket.no over bevaringsinstitusjonar og organisasjonar som har eit landsdekkjande ansvar for å bevare privatarkiv frå bestemte samfunnsområde. 

Oversikt på arkivverket.no over regionale institusjonar og bevaringsplanar. 

Arkivverkets bevaringsplan for privatarkiv