Nynorsk.no / Aktuelt / Nynorsk kultursentrum skal sikre nynorskhistoria i arkiva
Nynorsk kultursentrum skal sikre nynorskhistoria i arkiva
Nynorsk kultursentrum startar no for fullt arbeidet med å utarbeide ein nasjonal bevaringsplan for privatarkiv knytt til nynorsk skriftkultur.
– Nynorsk kultursentrum har sidan starten jobba for å dokumentere nynorsk kulturhistorie og formidle forteljingane om den nynorske skriftkulturen, fortel konstituert direktør Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum. – I privatarkiv rundt om i landet ligg der mykje viktig dokumentasjonen av nynorsk skriftkultur gjennom tidene. No skal vi gjere ein innsats for å sikre nynorskhistoria i privatarkiv landet rundt. Arbeidet vi er i gang med vil gje oss og andre betre oversikt over dette, og kunnskap om kva vi treng å bevare for framtida.
Privatarkiv er arkiv som er skapte av privatpersonar, bedrifter, organisasjonar og institusjonar. Over heile landet samarbeider Arkivverket og ein rekkje andre institusjonar om bevaring av privatarkiv.
Nokre bevaringsinstitusjonar har gjennom avtale med Arkivverket eit landsdekkjande ansvar for bestemte samfunnsområde. Blant desse finn vi mellom anna Skeivt arkiv og Misjonsarkivet. Nynorsk kultursentrum skal koordinere arbeidet med privatarkiv som er knytt til nynorsk skriftkultur. Vi skal kartleggje kva som finst av nynorsk-arkiv rundt om, lage ein bevaringsplan og gje råd om slike arkiv.
Det er ikkje nok at eit arkiv er på nynorsk. Arkiva vi ser etter må dokumentere nynorsk i bruk utover å berre vere skrivne på nynorsk, eller dokumentere organisasjonar eller privatpersonar sitt arbeid for og med nynorsk. Offentlege arkiv som kommunale arkiv er heller ikkje omfatta av vårt ansvarsområde, då dette ligg under andre bevaringsordningar.
– Første steg er kartlegging. Framover kjem vi til å ta kontakt med arkiv, museum, bibliotek og andre for å få oversikt over kva dei har av nynorsk-arkiv, fortel spesialrådgjevar Stina Aasen Lødemel, som er prosjektleiar for arbeidet. – Målet er å kartleggje kva som finst av arkiv som dokumenterer bruken av nynorsk og personane som på ulike måtar har arbeidd for nynorsk, og også avdekke kva som ikkje blir bevart. Vi oppmodar privatpersonar, organisasjonar og institusjonar om å kontakte oss dersom dei kjenner til relevante privatarkiv.
Du kan lese meir om dette arbeidet her.
Publisert: 22.11.2023