Nynorsk.no / Aktuelt / Endeleg klart: Ivar Aasen sine eigedelar tilgjengelege på nett
Endeleg klart:
Ivar Aasen sine eigedelar tilgjengelege på nett
Etter at Ivar Aasen døydde i 1896 kom alle dei etterlatne eigedelane til fødestaden Åsen i Ørsta. No er heile boksamlinga hans på 2500 bøker og skrifter gått gjennom, registrert, fotografert og publisert på nettstaden DigitaltMuseum. Med det er endeleg heile denne nasjonale skatten etter Aasen tilgjengeleg for alle interesserte.
– Det er med både ærefrykt og stort engasjement me har arbeidd med dette. I tillegg er det veldig kjekt at me endeleg har fått gjort heile samlinga tilgjengeleg på nett, seier bibliotekar Siri Beate Gjerde og konservator Stine Stennes Hovdenakk, som dei to siste åra har arbeidd med å gjere boksamlinga tilgjengeleg i digital form.
Etter å ha blada seg forsiktig gjennom og fotografert alle bøker, skrifter og publikasjonar som Ivar Aasen har hatt i sitt eige, kan dei no seie at alle dei fleire tusen delane av samlinga er foreviga for både framtidig forsking og nyfikne blikk frå publikum. Terje Aarset, professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda, har vore til uvurderleg hjelp med transkribering av fragment og brev.
– I bøkene har me funne fleire tusen merknadar og notat, som alle er blitt fotograferte og lagde ut på DigitaltMuseum, seier Gjerde. Til saman har me registrert om lag 2500 bøker og skrifter med ulike tema, blant anna ordbøker, salmebøker, biblar, romanar, skysstabellar, kart og teaterprogram. I tillegg kjem brev og notat som er funne mellom sidene i bøkene.
Dødsbuet etter Ivar Aasen inneheldt boksamlinga, herbariet han laga sjølv og andre personlege eigedelar. Etter den siste registreringa og digitaliseringa er det no mogleg å sjå og studere alle delar av samlinga.
– Sjølv om me no er ferdige med gjennomgang og publisering av heile Aasen-samlinga, er me eigentleg berre ferdige med grunnarbeidet. Den verkeleg store og spanande delen står att, nemleg å undersøkje og forske på samlinga og delane i ho. Me vert kanskje aldri heilt ferdige med å forske verken på tinga til Aasen eller Aasen sjølv, avsluttar Hovdenakk.