​​17. mai-tale 2024​

Illustrasjonbilde. Foto: Nynorsk kultursentrum

Direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik, heldt 17. mai-talen i Volda i 2024. Talen i sin heilskap er publisert her. Gratulerer med dagen!

Gode medborgarar! Gratulerer med dagen! Eg må få takke 17. mai-komiteen i Volda for det ærefulle oppdraget det er å få stå her og tale for dykk på ein så viktig dag. Mitt namn er Olav Øyehaug Opsvik og eg er direktør for Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Vi held til i Aasentunet, rett over kommunegrensa – på ørstasida, men vi reknar både Volda og Ørsta som likeverdige vertskommunar for museet vårt. 

Det er nok i kraft av stillinga mi eg har i Nynorsk kultursentrum eg har blitt invitert til å kome hit i dag – og eg blei så glad for oppdraget at eg let vere å nemne for komitemedlemen som spurde at eg faktisk ikkje er frå Volda, men frå Ørsta. Eg trur dette er første gongen eg har vore med i folketoget og på markeringa her på Uppheimsplassen, og om de lovar å ikkje seie noko til ørstingane kan eg godt melde her og no at de er minst like gode på 17. mai her som vi er på andre sida av Melshornet! 

Og kanskje høver det godt at ein ørsting får tale til voldingane i dag når vi alle markerer at vi er ein del av noko mykje større enn Ørsta og Volda. I dag feirar vi nasjonen vår, den felles historia vi deler frå nord til sør, og vi gjer det på den datoen det for 210 år sidan blei vedteken ei felles grunnlov for landet vårt. Eg veit ikkje kor mange av dykk som reint faktisk går og tenkjer på sjølve Grunnlova medan de marsjerer eller ser på barnetog og folketog – vi tenkjer kanskje like mykje på alt som har vore både før og etter 17.mai i 1814, men i tida vi lever i no er Grunnlova i seg sjølv og alt den står for verdt ei feiring. 

For ein som dagleg jobbar med skriftkultur er Grunnlova eit strålande døme på kor mykje ord på eit ark – eller ein skjerm – kan bety. Grunnlova sikrar oss ei fornuftig maktfordeling, folkestyre og grunnleggjande menneskerettar. Den seier noko om kva for nasjon vi ønskjer å vere og representerer eit viktig skilje i det norske historia. Samtalen om kven vi ønskjer å vere var likevel på ingen måte ferdig i 1814, men blei heller eit viktig utgangspunkt for den norske nasjonsbygginga utover 1800-talet. I 1836, 22 år etter 1814, melde ein kar frå Hovdebygda seg på nasjonsbygginga med ein tekst som først blei publisert i 1909. I artikkelen «Om vort Skriftsprog» skreiv Ivar Aasen at det må vere «os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke». 

Denne teksten skreiv Aasen på dansk, og skulle bruke heile sitt liv på å kjempe for eit sjølvstendig skriftspråk basert på alle dei norske dialektane. Med det la han grunnlaget for ein svært viktig samtale om kven vi skal vere – det at Noreg er eit mangfaldig land og at dette mangfaldet må vere representert i språket vårt er ein heilt vesentleg del av den nasjonale samtalen og den pågår framleis. I år er det berre ti år sidan Grunnlova, som vi feirar i dag, kom på nynorsk, og der er framleis mange slike milepælar att før vi i målrørsla vil seie oss nøgde med kva for ein språkpolitikk vi skal ha i landet vårt. Ein ny milepæl i nær framtid kan kanskje vere ei grunnlovsendring – det står høgt på lista over politiske mål hos Noregs Mållag framover. For i dag seier faktisk ikkje Grunnlova noko om kva for språk vi har eller skal ha i landet vårt. Det ønskjer målrørsla å gjere noko med. 

Språkdebatten er berre eit av mange døme som illustrerer at nasjonsbygginga aldri tek slutt. For sjølv om vi har massevis av grunnar til å feire landet vårt i dag, er vi også stort sett samde om at det ikkje er perfekt. Der er også mange sår i historia om landet vårt i tida som har gått sidan 1814. Ja, sjølv det fantastiske synet de ser rundt dykk i dag – med vakre folkedrakter og flagg – har ei skuggeside. Rapporten som kom frå sannings- og forsoningskommisjonen i 2023 har sterke forteljingar om korleis fornorskingspolitikken har skada både folk og kultur hos våre urfolk og nasjonale minoritetar. Fornorskingspolitikken var også ein del av nasjonsbygginga – ein del ingen av oss er stolte av i dag. 

Ein av dei store personlegdomane som var ein del av bølgja av nasjonsbygging på 1800-talet skreiv følgjande i ei bok: «Vi spør ikkje eit menneske om kva for rase eller religion dei høyrer til. Om det er eit menneske, er det nok for oss». Vidare skreiv han at det var folket si plikt å støtte «liberalitet, toleranse og kjærleik for alle menneske» (Herzl 1902: The Old New Land). 

Folket eller folkeslaget han sikta til, som inkluderte han sjølv, var jødane. Mannen bak desse sitata er Theodor Herzl, som er rekna som grunnleggjaren av sionismen – eller rørsla bak den israelske nasjonsbygginga. 

Israel har ikkje ei grunnlov på same måte som vi har i Noreg, men dei har likevel mellom anna ei grunnleggjande lov som handlar om menneskeverd og fridom. 

Det er dessverre tydeleg for dei fleste av oss at den sitjande regjeringa i Israel ikkje klarer eller ønskjer å leve opp til desse ideala. I tillegg til den manglande respekten for menneskeliv, tryggleik og kultur hos naboane dei okkuperer på Gaza, har styresmaktene i Israel synt seg som lite prinsippfaste kring ytringsfridom og pressefridom då dei denne månaden sensurerte og la ned kontora til mediehuset Al Jazeera i Jerusalem. 

Ein moderne stat utan ytringsfridom og ei fri presse er i alvorleg trøbbel. Eg kan sitere ein viktig paragraf frå ei grunnlov som på mange punkt kan likne på den vi har i Noreg: «Fridom til massekommunikasjon skal vere garantert. Sensur skal vere bannlyst». 

For ti dagar sidan la president Vladimir Putin den høgre handa si på denne grunnlova og svor på at han skulle respektere og forsvare den. Det var femte gongen han avla den eiden. 

No ventar ikkje eg at alle de skal hugse alt eg har sagt i denne talen, så no kjem eg til å seie eit av dei poenga eg verkeleg vil at de skal hugse: Sjølv om eit dokument som den norske Grunnlova har stor verdi, er den åleine ingen garanti for at rettane våre er sikra. Orda på papiret kan raskt miste sin verdi om dei ikkje blir følgde opp med handling. 

No er ikkje våre statsleiarar som verken Benjamin Netanyahu eller Vladimir Putin. Men rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen er likevel eit av fleire bevis på at også norske borgarar har levd med diskriminering og utan dei menneskerettane Grunnlova skal gi oss. 

Så – i tillegg til at vi skal feire og vere glade for at vi har ei grunnlov og eit styresett som gir oss både fridom, maktfordeling og folkestyre, vil eg minne oss alle om at desse grunnleggjande prinsippa for landet vårt aldri er heilt trygge. Vi har alle eit ansvar for å forsvare dei. 

Som ein moderne nasjonalstat med demokrati og fridom er vi ein del av ein stor, flott familie av nasjonalstatar som står saman om desse prinsippa – men også i vår del av verda er der krefter som prøver å undergrave demokratiet – i tillegg til at land som Russland pressar oss både utanfrå og innanfrå. 

Derfor er ikkje 17. mai berre ein folkefest – nasjonaldagen vår er ei politisk markering der vi saman står opp for vår rett til å styre vår eigen skjebne. For meg er den også ei påminning om å vere solidarisk med medmenneska våre der ute som ikkje har dei same rettane som oss. Eg er utruleg stolt av landet vårt, av alle dykk som feirar saman med meg, og med alt som skjer rundt oss i verda i dag har hurraropa mine aldri vore meir ektefølte. 

Derfor kjenner eg at det brusar i brystet mitt når eg no kan seie: Hurra for Noreg! Hurra for 17. mai! Gratulerer med dagen!