Nynorsk.no / Aktuelt / Alti og Coop Nordvest er Årets nynorskbrukar 2024
Alti og Coop Nordvest er Årets nynorskbrukar 2024
Eit einstemmig styre i Nynorsk kultursentrum står bak tildelinga av prisen for god bruk av nynorsk i ein viktig kvardagsarena for skriftspråket.
Kvart år deler Nynorsk kultursentrum ut prisen Årets nynorskbrukar til personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.
Styret i Nynorsk kultursentrum bestemt at prisen for 2024 skal gå til kjøpesenterkjeda Alti og samvirkelaget Coop Nordvest for bruk av nynorsk i marknadsføring både digitalt og fysisk på kjøpesentera og butikkar.
– Det er svært positivt for skriftspråket at store aktørar som Alti og Coop Nordvest tek i bruk språket på digitale flater og arenaer som er viktige for språkbrukarane i kvardagen. Med denne prisen vil vi gi honnør til både den sentrale leiinga i desse bedriftene og den einskilde senterleiaren og butikksjefen der ute som passar på å ta i bruk språket vårt kvar dag, seier styreleiar for Nynorsk kultursentrum, Jan Olav Baarøy.
– Kjøpesentera og butikkane som er knytte til Alti og Coop Nordvest er viktige møteplassar og arenaer vi alle brukar i kvardagen for å løyse små og store oppgåver. At vi som skriv nynorsk får møte språket vårt her, er ikkje berre kjekt for nynorskbrukarane, men bidreg også til å skape større allmenn forståing for språket, slik det heiter i statuttane for prisen, seier direktør Øyehaug Opsvik, som også vil sende ein del av honnøren til Coop sentralt for bruk av nynorsk i mobilappen for medlemmar.
Prisen vert delt ut under opninga av Festspela i Aasentunet torsdag 6. juni. Med prisen følgjer 100 000 kroner. Summen er prisvinnarane samde om å gi vidare til Nynorsk bedriftsforum, som blei stifta i 2022. Nynorsk bedriftsforum er eit landsdekkande kontaktnett av og for nynorskbedrifter som jobbar for at det skal vere like enkelt å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift.