Festsprell for alle aldrar under Festspela

– Festspela skal vere ein festival for heile familien, seier Ida Karin Aarflot Kornberg, konstituert arenaleiar ved Aasentunet. I år kan yngre festivalgjestar gle seg til både familiekonsert, barnebokbad, teaterframsyning og fleire forfattarbesøk.

Ida Karin Aarflot Kornberg med blå ballong
Ida Karin Aarflot Kornberg, konstituert arenaleiar ved Aasentunet. Foto: Nynorsk kultursentrum

Den offisielle opninga av Festspela skjer torsdag 6. juni, men programmet tjuvstartar med førespel i Volda laurdag 1. juni og med fleire skulebesøk fram mot opninga. I år blir det mellom anna skriveverkstad ved formidlar ved Haugesenteret, Anja Haugland Svingen og fleire forfattarbesøk rundt om i Ørsta og Volda.

Kråkebollane kjem
Den store familiekonserten på laurdag er det bandet Kråkebollane som står bak. Musikken er basert på tekstar frå diktboka Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar, som fortel om det fantastiske livet i fjorden og i fjøresteinane. Tekstane av Lisbeth Dreyer og illustrasjonane av Per Ragnar Møkleby har inspirert musikarane til musikalsk fabulering, improvisasjon og leik. Det blir låtar med rytme og driv, slentrande blues, stram tango og sullande voggesong.

Høgtlesing og barnebokbad
I løpet av festspelhelga kan du høyre fleire barnebokforfattarar lese frå sine eigne bøker, heilt gratis. Anders Totland besøker biblioteket i Ørsta med Gunnars Rekordbok. Tre andre barne- og ungdomsforfattarar vil lese frå bøkene sine i Aasentunet desse dagane: Heidi Marie Vestrheim les frå boka Jenny Fender, Inger Johanne Sæterbakk les frå Hjartespreng, og Maria Parr les frå Oskar og eg.

Laurdag 8. juni er Parr invitert på scena igjen, denne gongen til barnebokbad i Salen, med fjerdeklassingane Jakob, Sebastian og Georg frå Øyra skule som samtaleleiarar.

Blindsoner og definisjonsmakt
Teaterframsyninga Blindsone på Møre folkehøgskule fredag 7. juni, tek utgangspunkt i boka Eit anna blikk av Erlend Skjetne og fokuserer på representasjon, språk og definisjonsmakt. Mine Nilay Yalcin er manusforfattaren og regissøren bak stykket. Denne framsyninga passar for både unge og vaksne.

Prioritert målgruppe
– Barn og unge er ei målgruppe som vi prioriterer både under Festspela og elles i året, seier Kornberg. – I år kombinerer vi også førespel og markering av starten på Sommarles, i samarbeid med Volda Folkebibliotek. Laurdag 1. juni vil forfattar Sunniva Relling Berg besøke biblioteket med den splitter nye boka si, Soldagen.  

Arrangementa for barn og unge er merka med “Festsprell” i festspelprogrammet og på nettstaden vår.  – Trass i at desse arrangementa er mest for barn og unge, passar dei like godt for eit vakse publikum, understrekar Kornberg.