No brakar Festspela laus!

Kim Åge Furuhaug og Ida aarflot Kornberg utanfor Festspelkontoret
Kim Åge Furuhaug og Ida Karin Aarflot Kornberg gler seg til Festspela 2024. Foto: Nynorsk kultursentrum

– Vi gler oss til å ønskje gjestar i alle aldrar velkomne til myldrande liv i tunet og mange flotte arrangement, seier konstituert arenaleiar Ida Karin Aarflot Kornberg. – Er du nysgjerrig på kva Aasentunet har å by på? Då er Festspela tida å besøke oss, seier Kornberg.

Festspela er ei årleg feiring av nynorsk språk og kultur. Årets program byr på smakebitar frå den mangfaldige nynorske skriftkulturen, med alt frå lyrikk og rap til teater, konsertar og barnelitteratur. 

Utekonsertar 
Konsertane på Utescena er populære arrangement, der folk plar møte opp uansett vêr. Laurdag kan ein oppleve familiekonserten Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar med bandet Kråkebollane. Odin står for torsdagens opningskonsert, og Kari Bremnes tek oss med på ei musikalsk reise laurdag kveld. 

Planet Ørsta 
Tradisjonen tru blir det trivelege kveldsarrangement i peisestova på folkehøgskulen, med høgtlesing, humor og allsong torsdag og kviss fredag. Laurdag blir det samtale med Egil Olsen, der mange håpar å få svar på kven som eigentleg står bak det løyndomsfulle prosjektet Planet Ørsta. 

Festspela tilbyr både fagleg og sosialt påfyll gjennom dagane, med god balanse mellom seriøsitet, humor og gode kulturopplevingar. Mellom opplevingane kan ein nyte god mat og drikke i kafeen, der det står nye og lokale rettar på menyen. I år kan du også teste festspeldiktaren si favoritt-fiskesuppe med torsk. 

Mange gratisarrangement 
– Alle kan finne noko av interesse blant årets festspelprogram, og ein treng korkje vere språknerd eller aktiv i nynorskrørsla for å like seg på Festspela, seier Kim Åge Furuhaug, produsent ved Nynorsk kultursentrum.  

Furuhaug håpar å sjå mange barn og unge på Festspela også i år.   

– Mange av arrangementa under Festspela er gratis, og det er også gratis inngang til museumsutstillinga desse dagane, avsluttar han.