Kraftfulle Litteraturdagar 26.–29. september

Bilete av Kristian Kristensen, Monica Goksøyr og Trygve Riiser Gundersen
Kristian Kristensen, Monica Goksøyr og Trygve Riiser Gundersen er nokre av dei som vitjar LItteraturdagane 2024. Foto: Markus Lillesund, Siv Dolmen, Oda Berby

Litteraturdagane i Vinje blir arrangert for 23. gong, og tema for årets festival er «kraft». Ord som drivkraft, berekraft og kraftutbygging blir utforska i eit rikhaldig festivalprogram under Litteraturdagane 26.–29. september.

– Me er stolte av årets program. At det kan vere kraft i litteraturen veit me jo, og sidan omgrepet blir brukt i så mange ulike samanhengar, er det godt eigna som grunnlag for arrangement med stor breidde, seier arenaleiar ved Vinjesenteret, Yngve Knausgård. 

Aslaug Vaa-jubileet 2024
I år er det 90 år sidan diktardebuten til Aslaug Vaa. Torsdag 26. september opnar festivalen med ein eigen heilaftan via hennar forfattarskap. Vaa var ei kraftfull stemme mot krig og masseøydelegging i tida etter andre verdskrigen. Tema frå diktinga hennar er dessverre også aktuelle i dag. Litteraturen si kraft til å møte krig og konflikt blir også tematisert når Svanhild Amdal Telnes skal lese eigne tekstar saman med Somaya El-Sousi frå Palestina og Tesfaldet G. frå Eritrea.

Drivkraft og kraftutbygging i litteraturen
Forfattar Inger Bråtveit frå Suldal held det tradisjonsrike Vesaas-føredraget med utgangspunkt i Tarjei Vesaas sine Klas Dyregodt-romanar. Monica Goksøyr, årets vinnar av Tarjei Vesaas’ debutantpris, kjem til Vinje for ein samtale med forfattar Olaug Nilssen. Nilssen vil i løpet av helga både fortelje om drivkrafta i sin eigen litteratur og krafta i bibelforteljingane.

Litteraturkritikar og forfattar Trygve Riiser Gundersen vil fortelje om endringskrafta hos Aasmund Olavsson Vinje og Dølen. Litteraturprofessor Eirik Vassenden vil halde føredrag om skildringane av dei store kraftutbyggingane i litteraturen frå første halvdel av 1900-talet. Han vil også leie ein samtale om natur og litteratur med forfattar og kulturredaktør Bernhard Ellefsen og forfattar og førsteamanuensis Thor Magnus Tangerås.

Kraftfulle konsertar og tradisjonsrik prisutdeling
Musikar og no forfattar Odd Nordstoga kjem til litteraturpuben på Vinjar for å bli intervjua om sjølvbiografien sin Spelemann, som kjem ut til hausten. På litteraturpuben blir det også konsert med artist Kristian Kristensen, kjend mellom anna frå «The Voice».

Storegutprisen blir tradisjonen tru delt ut i Edland laurdag 28. september. På programmet same kveld står mellom anna Gabriel Fliflet band med konserten «Lys loge».

Det er også verd å få med seg poesikonserten «Blått svev» med Hildegun Riise og Benedicte Maurseth. Konserten er basert på Jon Fosse sin forfattarskap. 

– Dette blir stort! Me gler oss til festival, og skal gjere vårt beste for at dette blir ei fantastisk helg, avsluttar arenaleiar Knausgård.