Nynorsk.no / Aktuelt / Fulle hus og lyrisk jubel i Ulvik
Fulle hus og lyrisk jubel i Ulvik
Eit begeistra og lyttande publikum fekk med seg eit innhaldsrikt program under Poesifestivalen 2024. – Med mange utselde arrangement og publikumsrekord i Elvatun laurdagen, må me seia oss svært nøgde med årets festival, seier arenaleiar ved Haugesenteret Jorid Lekve Eide.
Over 3800 gjester fordelt på 34 ulike arrangement var innom festivalen. Billettsalet enda på 555 000 kroner. Haugesenteret er nøgd med tala, som er over budsjett både i besøkstal og billettkroner.
På Ørnetuva
Årets festival tok pulsen på samtidspoesien med det lyriske mangfaldet i Hauge-diktsamlinga På Ørnetuva som utgangspunkt. Temaet fall i smak både hjå dei på scena og i publikum. Fredagens populære lyrikkseminar tok, mellom anna, føre seg korleis me kan forstå tittelen På Ørnetuva. Årets Haugeførelesar, Elin Stengrundet, utforska nye og spennande tankar om diktsamlinga På Ørnetuva i føredraget sitt laurdag. I Haugesamtalen snakka litteraturforskar Fredrik Parelius og poet Erlend O. Nødtvedt om litterære slektstre i eit vestlandsk lyrisk landskap.
Poesifestivalen har eit dedikert og interessert publikum. Dette er noko lyrikarar og utøvarar legg særskilt merke til. – Ulvik er poesien sin heimebane! sa poet og haugestipendvinnar Martin Ingebrigtsen under diktlesinga si på festivalens siste dag. – Ikkje berre på grunn av Olav H. Hauge, landskapet og bygda, men på grunn av festivalen og festivalpublikummet.
Poetiske gleder
Lyrikken har fått skine for seg sjølv også denne poesifestivalen. Laurdag kveld var det publikumsrekord i Elvatun under Poetisk festkveld. Her fekk publikum høyra både norsk og nordisk samtidspoesi frå festivalpoetane. – Festivalen har dei siste åra freista å lyfta lyrikken til å vera eit minst like stort høgdepunkt på kveldstid som det musikalske på programmet. At me lukkast med dette, er kanskje det eg er aller mest nøgd med, seier Jorid Lekve Eide.
Poetiske gleder kom også i musikalske former under festivalen i Ulvik. Heim med Joni og Stein Torleif Bjella trakk fulle hus og hausta stormande jubel for sine songlyriske prestasjonar. Den norsk-svenske folkemusikktrioen Ævestaden trollbatt publikum i Elvatun, og Benedicte Maurseth rørte publikum med si gripande framsyning om dei gløymde spelekvinnene i Systerspel. Poet Priya Bains og komponist og musikar Mira Thiruchelvam hausta lovord frå salen etter tingingsverket Oljedrømmen, der poesi og musikk fletta seg saman i eit dystopisk dikt- og lydverk. Kanskje får me sjå desse to fleire gonger saman, etter dette samarbeidet?
Poesifestivalen har bydd på eit musikalsk program som på ulike vis har synt fram det lyriske mangfaldet i både populær- og tradisjonsmusikken. – Det har vore gode gjensyn og nye oppdagingar, begeistra stemning og sterke augneblikk, seier vertskaps- og programansvarleg Heidi Lund Berg.
Barn og unge
Under festivaldagane var det både forfattarbesøk i skulen og familieprogram på folkebiblioteket. Festivalen arrangerte også skriveverkstad for skuleelevar i regionen vekene før festivalen med poet Ruth Lillegraven. – Det er viktig å inspirera dei unge til å bli kjende med dikt, og til å syna dei at poesi slett ikkje er så utilgjengeleg som ein kan tru. Det er fantastisk å sjå skrivegleda som oppstår når elevane kastar seg ut i møte med Olav H. Hauge sine dikt og skriv sine eigne, avsluttar arenaleiar Eide.
Neste gong Poesifestivalen vert arrangert er 11.–13. september i 2026.