Litteraturhus i Møre og Romsdal – hausten 2024

frå venstre Anders Totland, Arill Riise og Halvor Folgerø
Frå venstre: Anders Totland, Arill Riise og Halvor Folgerø. Foto: Marius Knudsen, Espen Solli og Tove Breistein

Litteraturhus i Møre og Romsdal er eit prosjekt der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen organiserer arrangement i samarbeid med biblioteka i Møre og Romsdal, med støtte frå fylket, kommunane, Human-etisk forbund, Fritt Ord og Kulturrådet.  

Alle arrangementa har fri inngang! 

HAUSTPROGRAM

Anders Totland:

Til døden skil oss

Anders Totland er tilbake med ein frittståande oppfølgjar om den pensjonerte presten Jacob Juul. I den nye boka Til døden skil oss: ein Jacob Juul-roman møter me den nye presten i bygda, Maria, som skal gifte seg med Gjertrud. Jacob Juul skal vere vertskap for bryllaupsfesten i prestegarden. Han må berre få fjerna eit nake og oljete lik frå huset først.  

Totland har gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar. I 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen.  

21/10 Giske folkebibliotek, kl. 18.00

Halvor Folgerø:

Ferjefolket

Ferjefolket er den nye boka til journalist og forfattar Halvor Folgerø. Etter suksessen med Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar, tek Folgerø no for seg det som bind desse vegane saman: Ferjene. Boka er illustrert med historiske bilete frå den norske «ferjehistoria». 

Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar, få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. 

28/10 Volda folkebibliotek, kl. 20.00
29/10 Sykkylven bibliotek, kl. 19.00
30/10 Stordal frivilligsentral, kl. 15.00
31/10 Giske folkebibliotek, kl. 18.00

Arill Riise:

Der ingen var einsam

Arill Riise les frå si nyaste bok Der ingen var einsam: klyngetunet som vart utsletta. Boka tek for seg heimstaden til forfattaren, klyngetunet Riise der han vaks opp. Då det vesle samfunnet blei teke av eit snøskred blei forfattaren sjølv fanga under snøen. Tre personar omkom, og klyngetunet vart utradert. 

Riise er eit kjent fjes for dei fleste som journalist og programleiar for både NRK og TV2 sidan 1980-talet. Riise blei tildelt prisen Årets nynorskbrukar i 2012, Kringkastingsprisen i 2016 og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2021. Dette er hans fjerde bok. 

11/11 Ulstein bibliotek, kl. 17.00  
11/11 Ørsta folkebibliotek, kl. 19.30
12/11 Storfjord kulturhus, kl. 18.00
13/11 Fjord kommune rådhus, kl. 18.00
14/11 Sula bibliotek, kl. 19.00

BARNEHAGE- & SKULEPROGRAM

Hilde Myklebust

Grisungen med den rette halen

16/9  Volda
16/9  Hareid
17/9  Haram
18/9  Sula
23/9  Ålesund

Trude Tjensvold

Vi roper i skogen

14/10  Ørsta
14/10  Ulstein
15/10  Stranda
15/10  Fjord

Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen

Halve kongeriket/arvingen

14/10  Vanyvlen 
14/10  Sande
15/10  Herøy 
15/10  Ålesund 
16/10  Sykkylven 
16/10  Stranda 

Monica Goksøyr

Slemme jenter

21/10  Vanylven
21/10  Sande
22/10  Herøy
22/10  Hareid
23/10  Haram