Nynorsk.no / Aktuelt / Arnfinn Kolerud på skulebesøk i Romsdal
Arnfinn Kolerud på skulebesøk i Romsdal
25. til 29. november, reiser forfattar Arnfinn Kolerud frå Isfjorden på skuleturne i Romsdal. – Det er stor stas å få Arnfinn heim for å formidle god nynorsk barnelitteratur til elevar i området, seier Johild Kosberg Bredin, festivalsjef for Bjørnsonfestivalen. Forfattarturneen er eit samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum.
Arnfinn Kolerud har vunne fleire prisar for bøkene sine, seinast Kulturdepartementets litteraturpris for boka Snillionen i 2017. Denne veka skal han besøke nynorskskular i Aukra, Hustadvika og Molde kommunar, og alle dei offentlege skulane i heimkommunen Rauma. – I år kom Kolerud med boka Ivar får ansvar, som er ei morosam historie vi håpar 5., 6. og 7. klassingane her kjem til å like, held Kosberg Berdin fram.
På denne turneen prioriterer Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum kommunar der det er nynorskelevar i skulen. – Romsdal er ei språkleg randsone der nynorskelevane er i mindretal. Her er det ekstra viktig at elevane får oppleve god litteratur på nynorsk, og slik vere med på å auke statusen til språket, seier Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum. – Vi er veldig glade for samarbeidet med Bjørnsonfestivalen, og at vi saman får til skuleturne i Romsdal med ein spanande, lokal nynorskforfattar, avsluttar Øyehaug Opsvik.
Turneen er finansiert med midlar frå randsoneprosjektet «Nynorsk som nasjonalt skriftspråk», som er støtta av Kultur- og likestillingsdepartementet og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Oversyn over kva skular som er inkluderte i turneen:
- november: Gossen barne- og ungdomsskole
- november: Tornes skule og Bud barne- og ungdomskule
- november: Midsund skule
- november: Isfjorden skole og Åfarnes skole
- november: Måndalen skule og Åndalsnes barneskole