Gjer klart til barnekunstutstilling og musikalsk juleforteljing i Aasentunet

Bilete av konstituert arenaleiar Ida Karin Aarflot Kornberg og formidlar Monika Haanes Waagan i Aasentunet.
Konstituert arenaleiar Ida Karin Aarflot Kornberg og formidlar Monika Haanes Waagan i Aasentunet. Foto: Nynorsk kultursentrum

Denne veka legg mange barnehageborn siste hand på kunstverka sine før opninga av årets barnekunstutstilling i Aasentunet. Nokre kunstverk er allereie på plass, og konstituert arenaleiar Ida Karin Aarflot Kornberg er imponert over kreativiteten og symbolbruken. Denne gongen er verka inspirerte av barneboka «Eit hjarte til jul» av forfattar Line Dybedal og illustratør Line Renslebråten.

– Den høgtidlege utstillingsopninga skjer saman med dei unge kunstnarane komande veke, men allereie på førstkomande søndag kan borna vise fram kunsten sin til familie og vener, fortel Kornberg. 

Musikalsk juleforteljing
Barnekunsten blir hengande i Salen frå 1. søndag i advent, altså 1. desember. Då blir det familiedag og musikalsk juleforteljing med Eit hjarte til jul i Aasentunet. Forfattaren av boka kjem for å fortelje, synge og spele. Saman med seg på scena har ho gitarist Mathias Marstrander.

Eit hjarte til jul handlar om ni år gamle Nora og mor hennar, og noko viktig som må skje for at mor hennar skal bli frisk. Samstundes er det ei forteljing full av julemagi, trøyst og tryggleik, og om det å ikkje gi opp håpet. I førestillinga får publikum følgje historia om Nora i ord og tonar, med Renslebråten sine vakre illustrasjonar og den lokale barnekunsten som nydeleg bakteppe.

Raud løpar for barnehagane
Komande veke er alle barnehagane som har bidrege med kunst, inviterte til Aasentunet til høgtidleg utstillingsopning. Det blir snorklipping, lesestund og servering av kakao, og ikkje minst tid til å nyte den flotte kunsten.

– Om vêret tillet det, kjem vi til å rulle ut den raude løparen denne dagen. Det er jo det som sømer seg når me får så mange kunstnarar på besøk, avsluttar Kornberg.