Nynorsk.no / Om nynorsk / Ivar Aasen / Nordmannen / Historia om songen
Historia om songen
Historia om songen ”Mellom bakkar og berg” kan delast i fire periodar. Den første perioden er fram til diktaren døyr i 1896. Den andre perioden går fram til den tyske okkupasjonen, og den tredje frå 1940 til 1971. Tida etterpå er den fjerde perioden.
”Nordmannen” blei raskt ein lese- og songbokklassikar. Alt i 1869 kom versjonen frå 1868 med i Lesebok i Landsmaalet, redigert av Olav Paulson. Terje Aarset har vist at diktaren i korrespondansen med Paulson om denne boka ikkje sa noko om kva versjon som skulle brukast. Songen blei også prenta i minst ei nordisk songbok, Nordiske fædrelandssange og folkesange frå 1873, laga for danske folkehøgskular. Nettopp folkehøgskulane har nok vore ein viktig traderingsinstitusjon med atskilleg import og eksport av songar dei nordiske landa imellom.