Nynorsk.no / Nettutstillingar / Salmane og språket
Salmane og språket
Når salmar vert omsett til nynorsk vert det mogleg å syngja med andre tider og stader. Kvifor skal vi ha ei nynorsk salmeomsetjing?
Dette skal handle om norsk salmeomsetjing, historisk og aktuelt. Men til innleiing vil eg nemne nokre prinsipielle synspunkt på salmen og på omsetjinga av salmar til nynorsk.
Fyrst: Kva er ein salme? Salmen er ein song som kyrkjelyden tek til seg som eit gyldig uttrykk for si tru i tilbeding og lovsong. Kvifor skal vi omsetje salmar? Landstad skriv i si utgreiing om salmeboka, at i salmen skal “alle tider synge med oss og vi med dem”. Det tyder at salmar frå andre tider og stader må omsetjast. For å tenkje at vi skal kunne syngje saman med andre tider og stader, krevst det sjølv sagt at vi trur det er råd å omsetje slik at vi faktisk kan høyre røysta åt den andre, så vi kan møtast å syngje saman.
For det andre: Vi skal ha ei salmeomsetjing til nynorsk for di vi vil møte det framande på vårt eige språk. Ikkje for å “fornorske” salmen, men for di det skal vere på vårt eige språk vi syng saman med den andre. Dinest for å syne at nynorsk kan vere eit språk for alt, eit universelt språk. Altså ikkje for di nynorsk er eit vakkert, poetisk språk, slik somme pla seie for å syne sin språklege toleranse. Men for di nynorsk er dugande til alt. Og i samanheng med dette: For di salmen spelar ei så stor rolle for mange menneske, er salmeomsetjinga også viktig for at nynorsk skal få ein vidast mogleg bruk og med det styrke sin posisjon i samfunnet og kulturen.
Det er vel ei allmenn semje om at det religiøse språket i Bibel og salmebok spela ei avgjerande rolle i framvoksteren av nynorsk som eit alternativt språk i kultur- og samfunnslivet. Såleis var nynorsk Bibel, salmebok og gudstenesteliturgi både ei kultursak og ei kyrkjesak. Vi veit ikkje kva det hadde vorte av målreisinga utan den kyrkjelege språkreformasjonen. Dei gjekk gjekk hand i hand. Og er det enno eit medvit om at det må vere slik? Lat det liggje som eit orgelpunkt i tanken i det vi går vidare i historia.
Tekst frå føredraget Nynorsk salmeomsetjing (Arve Brunvoll) i Ulvik kyrkje, 11.9.2016.