Nynorsk.no / Aasentunet / Arrangement Aasentunet
Arrangement Aasentunet
Oversikt over arrangement i regi av Aasentunet, inkludert arrangement i samband med Festspela. Sjå Opningstider og prisar for informasjon om billettar til utstillinga.
Om de skal bestille billettar med følgjekort, ta kontakt på post@nynorsk.no eller telefon 70 04 75 70.
Søndag
30. mars
kl. 17.00
AASENTUNET
Yoga og dikting har fleire likskapar, og desse møtepunkta vil yogalærar og konservator Anne Natvig utforske i denne mjuke yogatimen. Pris: kr 100: 15 plassar.
Onsdag
2. april
kl. 19.00
AASENTUNET
Ein konsert med musikk av Jorun Marie Kvernberg. På scena har ho med seg NyNorsk Messingkvintett og akkordeonist Kristina Farstad Bjørdal. Det er duka for ein konsert full av både alvor, leik og virtuositet.
Tysdag
15. april
kl. 14.00
AASENTUNET
Velkomen til familieteater i Aasentunet!
Den forelska frosken er ei dramatisert forteljarstund med enkle, gøyale effektar og musikk, som først og fremst passar for dei minste gjestene våre.
Laurdag
14. juni
kl. 20.00
AASENTUNET
Ingebjørg Bratland kjem til Festspela 2025!
Laurdag 14. juni vil ho møte publikum på Utescena i Aasentunet og by på ei heilt spesiell konsertoppleving.