Førespel: Forfattarbesøk med Sunniva Relling Berg på biblioteket i Volda

1. juni, kl. 13.00, Volda folkebibliotek

Laurdag 1. juni feirar vi starten på årets Sommarles med førespel på biblioteket i Volda kl. 13.00. Då kjem forfattar Sunniva Relling Berg på besøk. Ho vil lese og fortelje om boka Soldagen. Du vil også få mogelegheita til å stille forfattaren spørsmål etterpå.  

I boka Soldagen møter vi Maja som stort set alltid hamnar i trøbbel. No har ho krangla med mor si og satt seg på nattbussen på veg til tanta. Vi møter også Ilias, som har rømt frå asylmottaket, og gjer det han kan for å passe på veslesøstera si, Amira.  

På uventa vis møtest vegane til Ilias og Maja. Saman blir dei vikla inn i eit nervepirrande drama der altfor mykje står på spel og mange har mykje å tape. 

Boka passar for deg som går i 6. klasse og oppover.  

Arrangementet er eit samarbeid mellom Volda folkebibliotek og Aasentunet.  

Arrangementet er gratis. 

Forfattar Sunniva Relling Berg kjem også til Festspela i Aasentunet i juni. Her vil ho leie ein samtale med Ingunn Thon og Maria Parr om å skrive ein heim. Du kan lese meir om den komande Festspel-samtalen, og resten av Festspel-programmet.

Type:
Førespel

Tid:
1. juni, kl. 13.00

Stad:
Volda folkebibliotek