Amboltprisen til Einar Økland

Bilete av Einar Økland
Einar Økland. Foto: Tove K. Breistein

Amboltprisen vert delt ut under Poesifestivalen og går til ein person som har arbeidd for Olav H. Hauge si dikting og gjort henne kjent. Styret i Venelaget Olav H. Hauge har vedteke at prisen for 2022 skal gå til Einar Økland. Tildelinga skjer under Venelagets arrangement «Med Økland og Hauge i eplehagen». på Rossvoll laurdag kl 14.

Begrunning og bakgrunn:

Amboltprisen for 2022 går til Einar Økland – for sitt mangeårige virke og mangslungne arbeid med å løfte fram Olav H. Hauges dikting.

Einar Andreas Økland er fødd 17. januar 1940 i Valevåg i Sveio. Etter psykologistudiet i Oslo har han budd og arbeid ulike stader, men frå 1985 har han budd i Einar Øklands veg i Sveio, der han vart fødd.

Økland har etter eit langt forfatterskap markert seg som ein av våre fremste lyrikarar. Etter debuten med diktsamlinga Ein gul dag i 1963, har han gitt ut over 80 bøker i dei fleste sjangrar: romanar, dikt, barnebøker, essay/essaysamlingar, dramatikk, kritikkar etc. I tillegg har han gjendikta store mengder utanlandsk poesi og vore ein sentral person i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar og ulike kunstnar/forfattarorganisasjonar. Han har motteke ei rekkje prisar; Nynorsk litteraturpris, Aschehougprisen, Doblougprisen-Norge og Brages heiderspris i 2015, m.m.

Allereide i 1969 formulerte han: Å skrive godt» er å trengje seg gjennom alt ein veit fram mot det ukjende». Han har vore ein av dei som vil finne ut ting på eiga hand.  «Ein kan ikke vite før ein veit» skal han ha sagt. Det har vore viktig for han å få fram at daglegspråket er godt nok til kva det skal vere. Under det som kan verke som ei overflate av enkle ord i lågstil, ligg djupnar av intellektuelle innsikter. Her er slektskapen med Hauge er tydeleg. Dei skreiv begge om natur og nytta konkrete emne som sleggja, sagi og hoggestabben hjå Hauge og stempelet i blåbæret eller skujarnet og takrenna hjå Økland.

Han skriv i essayet Olav H. Hauge? I dag? frå 2017 at han vart klar over at Olav H. Hauge var ein viktig diktar etter eit møte med forlagssjefen på Noregs Boklag 1962. Etter det las han alt han kom over av Hauge og skaffa seg dei få bøkene han hadde gitt ut. Drygt eit år etter at Økland hadde debutert, våga han seg til å sende boka si til Hauge. Han fekk raskt svar at den hadde han skaffa seg allereide, slik at han no kunne nytte ho som gåve. I Dagboka skriv Hauge om boka: «Eg likar versi hans. Dei unge er dristige, dei er frie og ubundne av alt gamalt. Du les ho på ti minutt, men då hende det noko.» Sidan omtalar han Økland saman med «dei unge», modernistane, som han har vyrdnad for heilt til dei siste omtalene i Dagbøkene utpå 1990 talet.

Økland har gjennom virke sitt stadig framheva Hauge i foredrag, innlegg og meir litterære studiar. Denne verksemnda starta med eit nummer av tidsskriftet Profil i 1966. Dei skreiv: «Me kjem i dette nummeret med ein presentasjon av ein diktar som har vore mykje mindre påakta enn han fortener». Veggteksten til ei utstilling i Haugesenteret 2015 beskriv dette slik: «Frå sitt djupe, svarte Hardanger kunne Olav H. Hauge skimte Profil som ein nymåne over Oslo. Frå det fjerne, elektriske Oslo såg dei i Profil Olav H. Hauge lyse som ein fullmåne over Hardanger». Profilgjengen, med Økland og nokre akademikarar i Bergen var på den tida sentrale for at Hauge kom fram i ljoset og etter kvart vart ein folkekjær poet.

Økland har vore ein støttespelar for Venelaget, og siste gong han opptredde i Venelagsregi var programmet Olav H. Hauge i dikt og tonar, hausten 2017 på Voss bibliotek saman med Leif Rygg.

Einar Økland er ein verdig prisvinnar – på høg tid.