Arianrhod Engebø får Storegutprisen 2024

Arianrhod «Arian» Engebø får Storegutprisen under Litteraturdagane i september. Foto: Jonathan Vivaas Kiise / NRKP3

Journalist, radioprofil og programleiar Arianrhod «Arian» Engebø (30) vil bli heidra med prisen under Litteraturdagane i september.

– Årets vinnar er eit inspirerande førebilete for unge nynorskbrukarar i dag, seier juryleiar i Storegutnemnda, Aasmund Nordstoga. 

Storegutnemnda skriv vidare i si grunngjeving: Vinnaren har vakse opp med eit stort språkmangfald og frå radiosendingar i P3 får lyttarane høyra ei klingande Førde-dialekt med skikkeleg skarre-r. Når noko skal formidlast skriftleg er det sjølvsagt på nynorsk. Å ta vare på skriftspråket sitt har vore heilt naturleg for den språkmedvitne vinnaren, men slik er det slett ikkje for alle unge nynorskbrukarar i dag.    

– Dette er kjempestas! Nynorsken har alltid vore både hjartespråket mitt og nyttespråket mitt, så å bli tildelt denne prisen gjer meg veldig stolt. Det inspirerer meg til å halde fram med å vise fram nynorsken, og eg gler meg til å ta imot prisen på Litteraturdagane, seier vinnaren Arianrhod Engebø.  

Kjend NRK-profil 
Arianrhod «Arian» Engebø er journalist, radioprofil og programleiar frå Førde i Sunnfjord. Engebø byrja som nynorskpraktikant i NRK i 2017 og fekk fast stilling i same kanal i 2020. Sidan då har ho blitt ei kjend stemme for mange radiolyttarar, mellom anna gjennom musikkprogrammet «StudioP3» og hennar eige program «Arian» i NRK P3. Engebø har dei siste åra vore programleiar for store sendingar som P3Gull, Melodi Grand Prix, P3-aksjonen og livesendinga av konserten VG-lista på Rådhusplassen. – Det er både viktig og gledeleg at nemnda har valt ein vinnar som når fram med nynorsk til eit yngre publikum, seier arenaleiar ved Vinjesenteret Yngve Knausgård.  

Storegutprisen er ein årleg pris som vert delt ut under Litteraturdagane i Vinje. Prisen har fylgjande kriterium for tildeling: Storegutprisen vert gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom. Prisen vert delt ut under Litteraturdagane 28. september i Edland. Engebø er den yngste vinnaren av prisen, som har blitt delt ut sidan 2002.