Barnet i fokus under Festspela 2023

Bilete av Sigrid Moldestad og Regndråpeorkesteret, Maria Parr, Kari Stai og Runar Gudnason
Sigrid Moldestad og Regndråpeorkesteret, Maria Parr, Kari Stai og Runar Gudnason. Foto: Kieran Kolle / Agnete Brun / Henning Lystad / Pressefoto

Aasentunet inviterer til Festspela 8.-11. juni. Møt kjende namn som Kari Stai, Maria Parr, Runar Gudnason, Brynjulf Jung Tjønn og Olaug Nilssen. Opplev konsertar med mellom anna Sigrid Moldestad & Regndråpeorkesteret og Bjørn Eidsvåg. Årets Festspel har fleire arrangement både for og med barn og unge enn tidlegare.

Temaet for årets Festspel er Barnet. Temaet går som ein raud tråd gjennom dei fleste av programpostane og årets festspeldiktar er barnebokforfattar Kari Stai. Ho er mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob.

– Stai leikar seg med språk og bilete, og skriv gjerne tilsynelatande enkle forteljingar. Bøkene hennar løftar likevel opp store problemstillingar og filosofiske innfallsvinklar, og er difor også populære blant vaksne, seier formidlingsleiar i Nynorsk kultursentrum Tone Slenes.

Under Festspela vil Kari Stai samtale med kjende forfattarar som Maria Parr og Brynjulf Jung Tjønn og rappar Runar Gudnason. Ho deltek også i eit barnebokbad med elevar frå Øyra skule.

– Vi har fleire programpostar for barn og unge under årets Festspel, med mellom anna ein stemningsfull familiekonsert med Sigrid Moldestad & Regnbogeorkesteret og Festsprell i Ørsta og Volda. Opningsarrangementet torsdag 8. juni blir ein fest for inviterte skuleborn, seier formidlar Ida Karin Aarflot Kornberg, som har ansvar for barne- og ungdomsprogrammet under Festspela.

I år utvidar vi også torsdagsprogrammet med ein fagdag som er open for alle. Fagdagen er i samarbeid med Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda, og har tittelen «Frå barnehagebarn til nynorskelev – den språklege overgangen frå barnehage til skule».

Fleire programpostar blir annonsert etter påske.