Ber stortingskomité om å innfri nynorskløfte

Bilete av Per Magnus Finnanger Sandsmark og Synnøve Marie Sætre
Per Magnus Finnanger Sandsmark direktør i Nynorsk kultursentrum og Synnøve Marie Sætre leiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda. Foto: Nynorsk kultursentrum

Det er over 6 år sidan Stortinget bad Kunnskapsdepartementet om å sørgje for at nynorskelevar har rett til opplæring på eige språk gjennom heile grunnskulen. – Eg ber utdannings- og forskingskomiteen lytte til våre innspel og sørgje for handling, sa Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum under budsjetthøyringa i Stortinget i dag.

Sandsmark var saman med senterleiar Synnøve Marie Sætre ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda i høyringa i utdannings- og forskingskomiteen ved Stortinget. Dei presenterte budsjettinnspel og krav frå 17 nasjonale nynorskorganisasjonar i Nynorsk forum.

– Nynorskelevane treng digitale læremiddel, læringsverktøy og opplæring tilpassa dei frå barnehage og ut vidaregåande opplæring. Derfor er nynorskkompetanse i barnehagane, språkdelt ungdomsskule og digitale læremiddel og læringsverktøy avgjerande for at det skal vere mogleg å halde på språket sitt gjennom skulegangen, seier senterleiar Sætre.

– Nynorsk står sterkt i dag. Av mindretalsspråka i Europa er berre fransk i Sveits og Belgia og katalansk i Spania større. Språket vårt er i bruk i skulen, arbeidslivet og dagleglivet. Samstundes er me under dobbeltpress frå bokmål og engelsk, understrekte Sandsmark i høyringa. Han understrekte at det også er behov for læremiddel i høgare utdanning på nynorsk. – Ordninga er i dag avgrensa til små fag med små opplag. Det gjer at det vert for lite nynorsklitteratur i dei store faga, som til dømes lærarutdanning, helse- og sosialfag og ingeniørfaga, avsluttar Per Magnus Finnanger Sandsmark.