Nynorsk.no / Aktuelt / Bjørn Eidsvåg til Festspela 2023
Bjørn Eidsvåg til Festspela 2023!
Laurdag 10. juni 2023 kjem Bjørn Eidsvåg til Ørsta for å spele under Festspela. Aasentunet har lagt ut konsertbillettar og festspelpass for sal.
– Det gler oss stort at det endeleg klaffa å få Bjørn Eidsvåg til Uteamfiet i Aasentunet, seier formidlingsleiar i Nynorsk kultursentrum, Tone Slenes.
– Eidsvåg er sjølvsagt ein av dei største og viktigaste artistane i vår tid – og han er også ein viktig tekstforfattar og dialektbrukar, held ho fram.
Eidsvåg albumdebuterte i 1976. Han fekk sitt første gjennombrot i 1983 med plata Passe gal der ein finn hans kanskje mest folkekjære song, Eg ser. I 1993 fekk han sin til då største kommersielle suksess med albumet Allemannsland, som selde meir enn 60 000 eksemplar. Sidan har dei fleste albuma selt meir enn 100 000, og albuma Tålt og Rundt neste sving selde meir enn 200 000 eksemplar.
Eidsvåg er òg kjend for mange vellukka samarbeid med andre artistar, mellom anna Lisa Nilsson, Sissel Kyrkjebø, Marit Larsen, VAMP, Kurt Nilsen og Elvira Nikolaisen.
Bjørn Eidsvåg har mange utmerkingar, og har mellom anna fått fleire Spelemannsprisar. I 1997 blei han kåra til Årets spellemann, og i 2006 fekk han Spellemannsprisens heiderspris.
Han har i tillegg til karrieren som musikar hatt eige program på TV2 og vore fast gjest i Radioresepsjonen i NRK P3. Eidsvåg har òg hatt ei eiga oppsetjing på Det Norske Teatret med framsyninga Etterlyst: Jesus. Framsyninga selde meir enn 90 000 billettar. I 2023 er Eidsvåg ein av deltakarane i tv-suksessen “Hver gang vi møtes” på TV2.
Nynorsk kultursentrum ønskjer velkomen til ei spesiell stund i flotte omgjevnadar i Uteamfiet i Aasentunet med ein av Noregs viktigaste artistar i løpet av snart 50 år.