Nynorsk.no / Aktuelt / Det er igjen klart for Litteraturdagane i Vinje
Det er igjen klart for Litteraturdagane i Vinje
– Vi har eit innhaldsrikt og spennande program som ligg klart, der «Motkultur» går som ein raud tråd gjennom heile festivalen. Vi vil rette særleg fokus på motmakt og nynorsk presse, seier vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret Ingebjørg Nestestog Edland.
Torsdag 24. august brakar det laust med Odd Nordstoga og Benedicte Maurseth som opnar Litteraturdagane på Raulandsakademiet. Etter opninga tek programmet for seg folkemusikken som motkultur, før bandet ISÁK står på scena.
Fredag står forteljingane i fokus. Det blir mellom anna feiring av 50-årsjubileet til Vest-Telemark Blad og tre andre nynorske lokalaviser. Deretter blir det samtalar om det hektiske bylivet, forbrukskultur og heimlengt. Etter ei endring i programmet vil Jon Severud, forfattar og lektor i litteraturvitskap, halde føredrag om dei internasjonale perspektiva i A. O. Vinje sin journalistikk.
– Fredagskvelden inviterer vi til diktarpub i kjellaren på Vinjar. Der blir det både diktlesing og ei livleg og humoristisk konsertoppleving med Stian Carstensen og Ola Kvernberg. – Dette blir ein morosam kveld, seier Mari Tveiti, digitalformidlar for Nynorsk kultursentrum og Vinjesenteret. Parallelt med diktarpuben blir det omvising i Vinjestoga.
Som reaksjon på utbrotet av krigen i Ukraina skreiv forfattar Odveig Klyve diktet Skjelv du på handa, Vladimir? Dagen etter diktet vart publisert på Facebook-sida hennar tok gjendiktingane til å kome. Etter ti dagar hadde rekkja av gjendiktingar nådd nærast uteljelege mengder. Heile laurdagen kan ein få med seg utstilling og film av diktet, med lydverk av Nils Petter Molvær.
Årets Vesaas-føredrag blir halde, og vinnaren av Vesaas’ debutantpris 2022 vil bli intervjua i ein førehandsinnspelt film. Ein kan også få høyre om ein del av den mørke historia om norsk sjørøvar- og kaprarhistorie, i tillegg til å få lære meir om ungdomslesaren.
Tradisjonen tru blir det òg høgtideleg utdeling av Storegutprisen under festkvelden i Edland laurdag. Under festkvelden får ein også høyre føredrag om krigsmotstand i Vinje og konsertførestilling! – Me gler oss til ein tradisjons- og innhaldsrik festival, avsluttar vertskaps- og programansvarleg Nestestog Edland.