Digitale festspel 2020

Utsyn

Det prislønte Ivar Aasen-tunet er teikna til minste detalj av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn (1924–2009). Museet vart opna i juni 2000. Aasen-tunet er ein stram bygning, men alle linjene skaper liv. I møte med arkitekturen kan dans og rørsler formidle kjensler og historier på ein annan måte enn språket – ein kan skape nye opplevingar og nye perspektiv.

UTSYN er ei filmatisk vandrande danseframsyning knytt til Ivar Aasen-tunets 20-årsfeiring. Koreografien er ved Einy Åm Sparks, som utforskar arkitekturen i den karakteristiske museumsbygningen og intensjonane bak formene og linjene i dette ruvande byggverket.

– Det er svært spennande og inspirerande å ta tak i  intensjonane bak arkitekturen, sjå korleis Fehn var inspirert av Aasen sitt liv og virke, og å finne koreografiske uttrykk for dette, seier Einy Åm Sparks.

Koreografen meiner at dei dynamiske og utradisjonelle linjene i Aasen-tunet inviterer til rørsle og utforsking av romma, noko ein kan reflektere og forsterke gjennom koreografi.

 – Ved å fylle romma med dans og formidle nye perspektiv gjennom film skaper vi også ei ny oppleving av museumsbygningen – og rom for nye assosiasjonar. Dette kan kanskje gjere tankane bak arkitekturen tydelegare og gi dette praktverket ein ny dimensjon for gjestane, seier Åm Sparks.  

Koreografi, dans og redigering: Eyeknee Coordination ved Einy Åm Sparks, eyekneecoordination.org
Filmfotograf: Oclin ved Atle Vasbotn Remmereit , oclin.no
Musikk: Michael Wall, soundFORMovement.com

Bilete av EIny Åm Sparks.
Einy Åm Sparks. Pressefoto

Einy Åm Sparks (f. 1978) er film- og dansekunstnar og driv firmaet EyeKnee Coordination. Ho er frå Volda og er utdanna i London. Med New York som base i mange år har ho skapt fleire danseframsyningar og filmarbeid som har vore viste både i Noreg, USA, England og Japan.

Les meir på heimesida til Einy Åm Sparks