Ungt språkengasjement

Norsk Målungdom i aksjonstog

Korleis ser det ut når unge tek kampen om språket, og kan engasjerte unge endre den språklege framtida? Sidan 1961 har ungdommar og unge vaksne i Norsk Målungdom organisert, argumentert og demonstrert for nynorsk. Frå starten har dei påverka og endra norsk språkpolitikk.  

I nettutstillinga Ungt språkengasjement fortel Nynorsk kultursentrum soga om Norsk Målungdom og brukar historia om organisasjonen som eit døme på korleis unge engasjerer seg. Nynorsk kultursentrum tek vare på mange gjenstandar, foto og andre minne frå Norsk Målungdom for framtida, og nokre av desse er brukte her. 

I utstillinga kan du sjå eit utval gjenstandar frå kvart tiår saman med tre tekstar: om å vere ung det tiåret, om kva Norsk Målungdom arbeidde med då, og om ei spesielt viktig politisk sak. I utstillinga finn du også andre tekstar om tema som dekkjer fleire tiår.  

Utstillinga er laga i samband med Norsk Målungdom sitt 60-årsjubileum i 2021 og Frivilligåret 2022.

1960-talet

Norsk Målungdom blir skipa i 1961 under namnet Noregs Student- og Elevmållag (NSEM). Dei lokale elevmållaga og studentmållaga hadde røter attende til 1877, då det første studentmållaget blei starta på Stord.

1970-talet

I 1972 skiftar organisasjonen namn til Norsk Målungdom, og det første eigne medlemsbladet får namnet Målfront. Kampen for nynorske læremiddel og EF-saka pregar tiåret. Tusenvis av elevar demonstrerer for lærebøker på nynorsk og bokmål til same tid og same pris.

1980-talet

Dialektaksjonane som starta i 1975, er eit viktig tiltak fram til 1985. Norsk Målungdom held fram med arbeidet for nynorske læremiddel og mobiliserer stort i kampen for å halde på skriftleg sidemålsundervising.

1990-talet

I 1994 er Norsk Målungdom på nei-sida i folkerøystinga om norsk medlemskap i EU. På slutten av tiåret kjem det på nytt store demonstrasjonar for nynorske læremiddel.

2000-talet

Arbeidet for retten til opplæring på nynorsk i ein stadig meir digital skule får stor merksemd med demonstrasjonane for nynorsk data i 2000 og 2001. Arbeidet mot nynorskforbodet i dei store riksavisene er viktig. Norsk Målungdom blir dømd for medlemsjuks i Oslo tingrett i 2003.

2010-talet

Kampen for sidemål står sentralt når læreplanen i norsk blir endra både i 2013 og 2019. Norsk Målungdom arbeider elles med språkleg mangfald, nynorsk i lærarutdanningane og utvida rettar for nynorskelevane dette tiåret.

Bilete frå den digitale utstillinga "Ungt språkengasjement."

Flygeblad frå Studentmållaget i Oslo, truleg frå seint 1950-tal eller tidleg 1960-tal. Flygebladet argumenterer for at alle kan vere medlem i Studentmållaget, og fortel om kva dei driv med. Sjå ei større utgåve av denne sida frå flygebladet her.

Avisa Apropos. Organ for Studentmållaget i Oslo (nr. 1, 1961). Apropos blei grunnlagd i 1959 og skifta namn til Fram i 1973. Avisa slutta å kome ut i 1989. Les denne utgåva av avisa her.

Avisa Vestlandsfa’n. Organ for Studentmållaget i Bergen(nr. 4, 1969)Avisene til studentmållaga blei sende ut til gymnas og bibliotek over heile landet, og for mange elevar var dei det første møtet med Målungdommen. Les denne utgåva av avisa her.

Avisa Stabekk Tidend. Meldingsblad for Elevmållaget ved Stabekk høgre skole(nr. 11964)Det vekte merksemd  det kom til eit elevmållag på Stabekk i Bærum tidleg på 1960-talet. Lokallaget hadde fleire debattmøte, vedtok fråsegner om språkpolitiske saker og gav ut eitt nummer av denne avisa. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Innmeldingsblokk for Noregs Student- og ElevmållagDenne var i bruk fram til organisasjonen skifta namn i 1972. Heilt fram til 2010-talet hadde Norsk Målungdom innmeldingsblokker på papir. Sjå eit større bilete her.

Framsida av boka Student- og elevmållag i Trondheim gjennom 50 år (Student- og Elevmållaget i Trondheim, 1966). Då landsorganisasjonen blei skipa i 1961, fanst det eit stort nettverk av elev- og studentmållag rundt i heile Noreg. Mange av lokallaga hadde allereie då ei lang historie. Sjå større utgåve av framsida på boka her.

Framsida av boka Lingual Minorities in Europe (Samlaget, 1969). I 1967 samla Studentmållaget i Oslo 35 utsendingar med bakgrunn frå 13 minoritetsspråkgrupper for å drøfte korleis dei kunne gjere det lettare å bruke mindre utbreidde språk i Europa. Nokre av innlegga kom ut som artiklar i denne boka.  Les boka her.

Handlaga plakat laga av studentane som arbeidde med avisa AproposDette var avisa til Studentmållaget i Oslo, og ho fungerte seinare som avis for landsorganisasjonen. Sjå ei større utgåve av plakaten her.

Eksempel på brevark forNoregs Student- og ElevmållagOrganisasjonen hadde dette namnet frå skipinga i 1961 til 1972, og blei skipa for å betre samarbeidet mellom dei mange elev- og studentmållaga som hadde dukka opp i 1950-åra. Sjå eit større bilete her.

Flygeblad med tittelen Rare ord, truleg laga av Noregs Mållag seint på 1950-tal eller tidleg 1960-tal. Målet med flygebladet var å gå i rette med myten om at det er så mange rare ord på nynorsk, og vise at alle språk har mange ord som må brukast. Sjå ei større utgåve frå denne sida av flygebladet her.

Norsk målungdom på 1960-talet

Då Norsk Målungdom, den gong kalla Noregs Student- og Elevmållag, vart skipa i 1961 vart det startskotet for ein samla nasjonal ungdomsorganisasjon som arbeidde for målsaka. På 1960-talet arbeidde dei særleg for å få høgskular i distrikta.

Arbeid for nynorskbrukande studentar

Studentane og studentmållaga har vore særleg viktige i arbeidet for retten til å bruke nynorsk ved universiteta og høgskulane. Studentmållaga hadde allereie vore aktive i mange tiår då Norsk Målungdom vart starta opp i 1961. Kampen tok til allereie på 1800-talet og held fram også i dag, mellom anna gjennom Norsk Målungdom sin digitale klageportal for klage på manglande nynorskoppgåver på eksamen.

Ung på 1960-talet

Å vere ung på 1960-talet var prega av at 9-årig obligatorisk grunnskule vart innført, at norske heimar fekk TV for fyrste gong og alternative rørsler som hippie-rørsla kom til Noreg. Dei unge får no i større grad enn tidlegare eigne motar, uttrykk og organisasjonar.

Klistremerke med slagordet «Tal dialekt, skriv nynorsk», truleg laga av Norsk Målungdom på 1970-talet. Sjå ei større utgåve her.

To utklipp frå Vestlandsfan (nr. 5, 1975), med påskrifta «Slå eit slag for MÅLSAKA» og «Kamp for nynorske læremiddel». Sjå ei større utgåve her.

Klistremerke laga av Noregs Mållag i 1978 med påskrifta «Nynorsk byggjer på dialektane. Snakk dialekt. Skriv nynorsk.». Sjå ei større utgåve her.

Plakat med påskrifta «Studentmållaget i Oslo 75 år» frå jubileumsfeiringa til lokallaget i 1975. På plakaten er det bilete av ein del av eit norsk flagg, ein hane og eit handskrive utdrag frå fortalen til Norsk Grammatik (1864) av Ivar Aasen. Sjå ei større utgåve her.

Innmeldingsblokk Norsk Målungdom frå arkivet til Studentmållaget i Volda. I denne tida var det lokallaga som passa på at medlemmene betalte medlemspengar, og alt av arbeid med økonomi gjekk for seg på papir. Sjå ei større utgåve her.

Korleis bør norskopplæringa vera? (Noregs Mållag og Norsk Målungdom, 1979). På 1970-talet drøfta målrørsla om og korleis dialektar burde brukast i skulen. Dette var òg det første tiåret med obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring for alle elevar etter at ungdomsskulen blei innført i 1969. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les boka her.

Studiebok om Noreg og fellesmarknaden. (Norsk Målungdom, 1972). Same år som denne boka kom ut, var den første rådgjevande folkerøystinga om Noreg skulle bli med i EU eller ikkje. Norsk Målungdom og studentmållaga arbeidde mot norsk medlemsskapDigital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les boka her.

Organisasjonshefte for Norsk Målungdom (1976)Eit hefte med lovene og tufta (det politiske grunnlagsdokumentet) for organisasjonen som forklarte korleis og på kva grunnlag Norsk Målungdom arbeidde. Dette tiåret var det harde ordskifte mellom dei som ville argumentere for nynorsk ut frå sosiale grunnar, og dei som ville arbeide ut frå nasjonale argument. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Medlemsbladet Målfront. Organ for Norsk Målungdom (nr. 7, 1976). I denne utgåva var det læremiddelaksjonane i 1976 som var hovudsaka. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av avisa her.

Medlemsbladet Målfront. Organ for Norsk Målungdom (nr. 1, 1972). Målfront var det første eigne medlemsbladet til Norsk Målungdom, og hadde det namnet i perioden 19721979. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket.Les den første utgåva av avisa her.

Norsk målungdom på 1970-talet

Organisasjonsbygging, ideologi, framtidstru og aksjonslyst prega Norsk Målungdom gjennom 1970-åra. Organisasjonen skifta namn frå Noregs Student- og Elevmållag til Norsk Målungdom for å også kunne nå andre ungdommar enn elevar og studentar. Viktige saker for Målungdommen på 1970-talet var læremiddelsaka, tilhøva for dialektene og distriktspolitikk, noko dei starta fleire aksjonar rundt. Gjennom 1970-talet var det stor usemje om Norsk Målungdom skulle arbeide for ei såkalla eittspråkslinje, altså at nynorsk skulle bli det einaste norske skriftspråket, eller ei tospråkslinje, der nynorsk skulle vere eitt av to norske språk.

Kampen for læremiddel på nynorsk

Kampen for læremiddel på nynorsk har frå starten vore ei hovudsak for Norsk Målungdom. Dette vart ein lovfesta rett i grunnskulen i 1969, men ikkje i vidaregåande opplæring. Etter fleire aksjonar, mellom anna med elevstreikar over heile landet, vart det i 1974 lovfesta at alle lærebøker og læremiddel i andre fag enn norsk skulle kome på både nynorsk og bokmål, til same tid og til same pris. Men frå denne lova kom til på 1970-talet har mange nynorskelevar likevel fått bokmålslærebøker og andre læremiddel på bokmål, anten fordi dei berre kjem ut på bokmål eller fordi skulane ikkje kjøper inn nynorskbøker. Kampen for læremiddel på nynorsk held fram også i dag.

Ung på 1970-talet

På 1970-talet var det stadig fleire ungdommar som gjekk på vidaregåande skule og fleire unge tok vidare utdanning. Unge kvinner kunne òg i større grad enn tidlegare ta utdanning og fekk rom til å velje eit liv med eiga karriere. 1970-talet førte òg med seg eit større skilje mellom ungdom og vaksen, med eigne ungdomsprogram på TV og eigne «ungdomsopprør ».

«Den som trur at den som brukar dialekten sin, blir sett på med vørnad sjølv i tjukkaste Oslo, må tru om att – trass i at vi skriv 1976»

«Ei dame frå Notodden hadde jobba i ei damefrisørverksemd i Oslo. Slik det var naturleg for ho snakka ho Notodden-dialekt. Men det gjekk ikkje så bra. Ho hadde ikkje vore lenge i arbeid før arbeidsgjevaren tok fatt i måten ho snakka på og gav klar beskjed om at ho måtte snakke Oslo-mål. Ikkje nok med det, ho måtte snakke slik dei gjorde på vestkanten i Oslo. Elles ville ho misse jobben.»

«No er ordet nynorskfanatikere komme i hermeteikn, mens det i første artikkelen var utan. Vi kan jo ikkje anna enn seie oss glade for at ein har tatt litt til vettet».

Utklipp av illustrasjon frå Vestlandsfa’n (nr. 1, 1981) med påskrifta «JEG. Bokmål. Riksmål. Språk er makt. Jeg er mektig. Eg. Æ. Je. I. E.» Frå 1975 til 1985 hadde Norsk Målungdom og samarbeidspartnarar årlege dialektaksjonar for å gjere det lettare å bruke dialekt. Sjå ei større utgåve her.

Utklipp av illustrasjon frå Vestlandsfa’n (nr. 1, 1981) med påskrifta «Gid så morsomt de taler». Illustrasjonen var brukt til å illustrere ein vanleg reaksjon målungdommar og andre fekk om dei brukte dialekta si i dei store byane. Sjå ei større utgåve her.

Tre klistremerke med slagord brukte på 1980-talet. 
«Nynorsk er tøft. Noregs Mållag. Norsk Målungdom.» Truleg frå slutten på 1980-talet. «Dialekt + nynorsk = sant». Truleg laga av Noregs Mållag i samband med dialektaksjonane. «Ja til sidemål». Laga i 1983 i samband med at Norges Gymnasiastsamband hadde ei røysting på vidaregåande skular for å finne ut kva elevane meinte om sidemål. Norsk Målungdom og Ungdommens riksmålsforening møtte kvarandre til debattar på skular over heile landet. Sjå ei større utgåve her.

Framsida på eit flygeblad med tittelen «Kva er Norsk Målungdom?» Truleg frå tidleg 1980-tal. Flygebladet hadde som mål å fortelje om dialektarbeidet og andre saker Norsk Målungdom arbeidde med, for å få lesaren til å melde seg inn. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Plakat med påskrifta «Studentmållaget i Bergen. Eit kulturpolitisk alternativ.» Truleg laga av Studentmållaget i Bergen på 1980-talet. Det er eit ope felt der studentmållaget skreiv opp arrangement som var i vente. Sjå ei større utgåve her.

Heftet Nynorsk hovudmål (Norsk Målungdom, skolemålsnemnda, 1982). Eit hefte med argument og informasjon til elevar som vurderer å byte til nynorsk som hovudmål. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les boka her.

Ei side frå flygebladet Skriv enkelt og klart – skriv nynorsk, laga av Norsk Målungdom på tidleg 1980-tal. Sjå ei større utgåve av sida her.

Medlemsbladet Folkemål. Avisa til Norsk Målungdom (nr. 23, 1983). Medlemsbladet Målfront skifta namn til Folkemål i 1980. Det namnet hadde bladet fram til 1985, då det først skifta namn til Gygr og deretter fekk namnet EGDigital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av avisa her.

Lokallagsbladet Vestlandsfan, Organ for Studentmållaget i Bergen (nr. 1, 1981). Dette var det første nummeret av bladet som kom etter at avisa tok ein pause i 1978. Vestlandsfa’n skifta i 1986 namn til Tal og kom ut under dette namnet til 1993. Les denne utgåva av bladet her.

Bladet NMU-nytt (nr. 2, 1981). NMU-nytt var eit blad som blei starta opp for å betre informasjonsflyten internt i organisasjonen, særleg mellom sentrallekken og lokallag. Bladet blei starta opp i arbeidsåret 19761977 og kom ut som eige blad heilt til det gjekk inn i Folkemål i 1982. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av bladether.

Norsk målungdom på 1980-talet

Målorganisasjonane brukte mindre tid på læremiddelkampen i starten av 1980-talet og vende merksemda si til arbeidet med retten til å nytte dialekt i ulike samanhengar. Det var framleis sterk usemje innanfor og mellom målorganisasjonane om korleis ein skulle skrive nynorsk og kva for ei form for nynorsk dei skulle arbeide for. Samstundes pressa mellom andre Riksmålsungdommen og Unge Høge på styresmaktene om å svekkje eller fjerne sidemålsopplæringa i skulane.

Kamp for dialektene

Norsk Målungdom har til alle tider hatt som føremål å arbeide for både dialekt og nynorsk. Eit av høgdepunkta var dialektaksjonane mellom 1975 og 1985. På denne tida fekk Målungdommen slagordet «Tal dialekt – skriv nynorsk!». Etter den siste dialektaksjonen i 1985 har Norsk Målungdom halde fram med å skape merksemd om og feire dialektmangfaldet i Noreg. Eit døme er den årlege Dialektprisen, som Norsk Målungdom sidan 2001 har delt ut til eit godt dialektføredøme for ungdom.

Ung på 1980-talet

I 1980-åra vart fleire tv-kanalar, vekeblad og motar retta direkte mot ungdom og deira identitet i større grad enn tidlegare. Fleire ungdomsmiljø og -organisasjonar dukka òg opp, med ei tydeleg stemme i til dømes miljøsaka eller andre politiske saker.

Bilete frå den digitale utstillinga "Ungt språkengasjement."

Klistremerke med slagordet «Stogg urbanismen». I 1999 gjennomførte Norsk Målungdom kampanjen Stogg urbanismen. Bakgrunnen var at dei opplevde at mange i samtida rekna kulturen i byane som det gjævaste og såg ned på bygdene. Sjå ei større utgåve her.

Klistremerke med påskrifta «Knus bokmålsveldet. Kjøp nyNORSKE lærebøker.» Truleg frå tidleg 1990-tal. Dei som ville arbeide for nynorsk fordi det var norskare enn bokmål, vann fram i Målungdommen frå midten av 1980-talet, og målet om å knuse bokmålsveldet – altså å få slutt på at bokmål dominerte i samfunnet – blei viktig. Ein konkret måte elevar kunne bidra på, var å kjøpe nynorske lærebøker. Sjå ei større utgåve her.

Klistremerke med påskrifta «Nynorsk for alle!». Truleg frå seint 1990-tal. Sjå ei større utgåve her.

Klistremerke med påskrifta «Nei til EU». Frå kring 1993, laga av Nei til EU eller Ungdom mot EU. Norsk Målungdom og lokallaga arbeidde mot norsk medlemskap i EU. Sjå ei større utgåve her.

Eine sida av eit flygeblad med påskrifta «Knus bokmålsveldet! Kjøp (ny)norske lærebøker!» Flygebladet fortel kva Norsk Målungdom meiner, og korleis lesaren kan melde seg inn. Sjå ei større utgåve av denne sida av flygebladet her.

Klistremerke med påskrifta «Bokmålet drep dialektane. Kjøp nynorske lærebøker.» Truleg frå tidleg 1990-tal. Sjå ei større utgåve her.

Plakaten «Gratis læremiddel på nett» frå 1997. Dette året braut gruppa Nynorsk elevgerilja i Norsk Målungdom åndsverklova ved å omsetje læreboka Programvarebok Word 6.0 og Excel 5.0 Informasjonsbehandling grunnkurs (Utdanningsforlaget, 1997til nynorsk og leggje henne ut gratis på internett i protest mot at boka berre fanst på bokmål. Målungdommen blei saksøkt og seinare dømd i Oslo namsrett til å fjerne boka og betale 25000 kroner dagen til boka var fjerna, og måtte betale Utdanningsforlaget sine sakskostnader på 13762 kroner. Sjå ei større utgåve av plakaten her.

Plakaten «Norsk målreising mot EF» frå 1990. Laga etter ei innleiing om EF, som EU heitte då, på eit seminar på Stord hausten 1989. Plakaten har ein tekst om kvifor Norsk Målungdom då var imot EU, illustrert med politiske teikningar. Sjå ei større utgåve av plakaten her.

Medlemsbladet Motmæle. Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 2, 1999). Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av bladet her.

Medlemsbladet Motmæle. Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 5, 1998). Medlemsbladet skifta namn frå Eg til Motmæle i 1997. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av bladet her.

Bilete frå demonstrasjonen Aksjon for språkleg rettferd i skulen arrangerte i Bergen 13. mai 1997Den dagen aksjonerte kring 35000 elevar mot at Arbeidarparti-regjeringa foreslo å fjerne retten til læremiddel i opplæringslova, og at det ikkje lenger skulle stå i lova at nynorske lærebøker skulle kome til same tid som bokmålsbøkene. Biletet er frå biletarkivet i Norsk Målungdom. Sjå ei større utgåve her.

Norsk målungdom på 1990-talet

Då EU-striden byrja å blusse opp att tidleg på 1990-talet, vart det drøfta kva konsekvensar ein eventuell EU-medlemskap ville ha for nynorsk og bygdene. Norsk Målungdom stod støtt på nei-sida gjennom heile 1990-talet og var mellom anna ein sentral aktør i samband med etableringa av Ungdom mot EU. Dei tok òg opp igjen kampen om nynorske læremiddel, sidan nynorskelevar framleis ikkje fekk læremidla sine på si eiga målform.

Kamp mot norsk medlemskap i EU

Målrørsla har stort sett vore mot at Noreg skal vere med i Den europeiske unionen (EU), og var på nei-sida ved folkerøystingane i 1972 og 1994. Norsk Målungdom meinte at om Noreg vart medlem i EU ville det truge norsk språk og kultur og bidra til dårlegare tilhøve for distrikta. I 2013 valde Målungdommen å ikkje lenger meine noko om saka.

Ung på 1990-talet

1990-talet var prega av ei sterk internasjonalisering og globalisering. Fleire unge nytta seg av stadig meir opne grenser mellom norsk og internasjonal underhaldning og utdanning. Internett tok gradvis steget inn i folk flest sine kvardagar, og Noreg fekk sin første riksdekkjande tv-kanal med reklame.

« Me treng virilitet og humør. Me treng folk som anten me likar det eller ikkje sel målsaka i den marknaden som er. Me treng nokon som kan gjera dei halsbrekkande kunststykka»

Plakat med bilete av ei tenkt Dagbladet-framside med hovudsaka «Språksensuren er endeleg over: Dagbladet slepp til nynorsken». Laga i 2003. Frå kampanjen Norsk Målungdom hadde i 2003 og 2004 for å få Dagbladet til å oppheve nynorskforbodet sitt og tillate journalistane sine å skrive nynorsk i avisa. Sjå ei større utgåve av plakaten her.

Klistremerke med påskrifta «ULOVLEG. Denne boka finst berre på bokmål og er difor ulovleg å bruka i undervisninga.» Truleg frå 2003. Klistremerka hadde svakt lim, slik at aktivistar kunne klistre dei på bøker i bokhandelen utan at bøkene blei øydelagde. Sjå ei større utgåve her.

Jakkemerke med slagordet «Slepp nynorsken til!» Frå underskriftskampanjen Noregs Mållag hadde i 2005 mot nynorskforboda i riksavisene VG og Dagbladet. Mållaget og Målungdommen bidrog til at det blei samla inn kring 36 000 underskrifter. Sjå ei større utgåve her.

Framsida av eit flygeblad med påskrifta «Bortkasta tid?» og bilete av nynorskordbokaFlygebladet er truleg frå 2005 og handlar om sidemålFlygebladet var laga av Målungdommen og ungdomspartia som støtta obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Framsida av eit flygeblad med påskrifta «Er big bite betre enn pølser? Er kleda billegare på sale enn på norsk? Det trur 7-eleven og Hennes & Mauritz.» Frå ein kampanje mot engelsk i næringslivet i 2003. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Framsida av eit flygeblad som reklamerte for ei studentsamling Norsk målungdom skipa til i Trondheim på 2000-talet, truleg i 2002. Dei årlege studentsamlingane var viktige samlingspunkt for studentmedlemmer frå heile landet. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Jakkemerke med slagordet «Respekt for dialekt». Frå dialektkampanjen Norsk Målungdom hadde i 2009. Sjå ei større utgåve her.

Jakkemerke med slagordet «Dudewhere’s my språk?» Frå kampanjen Norsk Målungdom hadde i 2008 for å få teksta kinofilmar på nynorsk. Kampanjen førte til at det for første gong på 23 år kom ein film med nynorsk undertekst: Den brasilianske filmen Tropa de Elite (2007). Sjå ei større utgåve her.

Plakat med påskrifta «Streik for lik rett til utdanning». Reklame for streiken Norsk Målungdom og Elevorganisasjonen hadde for nynorske læremiddel 28. september 2000, med streikar over heile landet og store markeringar i Trondheim og på Voss. Sjå ei større utgåve her.

Plakat som reklamerer for sumarleiren til Norsk Målungdom i Fjærland i 2000. Sjå ei større utgåve av plakaten her.

Medlemsbladet Motmæle. Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 56, 2000). Denne utgåva handlar om streiken for nynorske dataprogram hausten 2000. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av bladet her.

Bladet Lagsposten. Meldingsblad for Norsk Målungdom (nr. 3, 2000). Dette bladet gjekk til tillitsvalde i organisasjonen og kom ut tidleg på 2000-talet. Les denne utgåva av bladet her.

Framsida av Realfagsordlista som Studentmållaget i Nidaros gav ut i 2005. Dette var ei av fleire ordlister for ulike fagfelt studentmållaga laga på 2000-talet. Sjå stor utgåve av framsida her.

Heftet Sidemål – «wasted time?» som Norsk Målungdom gav ut i 2001. Boka er ei samling tekstar med argument Målungdommen brukte for sidemålsundervisning. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les boka her.

Boka Lagshandboka som Norsk Målungdom gav ut i 2000. Dette var ei samling tekstar som var meinte til å hjelpe medlemmene med arbeidet i lokallaga. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les boka her.

Bilete frå ein dataaksjon arrangert på Torgallmenningen i Bergen 13. mai 2000. Bilete er frå biletarkivet i Norsk Målungdom. Sjå ei større utgåve her.

Norsk målungdom på 2000-talet

Åra frå 2000 til 2009 var prega av store politiske kampar, mellom anna om nynorske læremiddel, digital nynorsk, framtida til sidemålsundervisinga og nynorskforbodet i dei store riksavisene. 2000-talet vart særleg prega av avsløringane om medlemsjuks i Norsk Målungdom. Den fyrste Dialektprisen vart delt ut dette tiåret.

Kampen for digital nynorsk

Rundt tusenårsskiftet vart nynorsk data ei av dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom. Allereie på 1990-talet begynte både Norsk Målungdom, andre nynorskorganisasjonar og aktuelle styresmakter å sjå på korleis dei kunne sikre jamstilling mellom nynorsk og bokmål i den digitale kvardagen. I kampen for nynorsk data var det eit viktig mål å få programvarer i nynorsk språkdrakt.

Ung på 2000-talet

På 2000-talet fekk ungdommar ein ny digital kvardag, med nye chat- og biletdelingstenester på nett. Fritidssyslar vart meir styrte av arenaer med inngangspengar, heller enn opne tilbod som fotballbaner og ungdomsklubbar . Ein såg òg ein aukande skilnad på skuleelevane sine prestasjonar.

Bilete frå den digitale utstillinga "Ungt språkengasjement."

Framsida av flygeblad med påskrifta «Nynorsk i nettavisene. Kvifor er det så viktig?» Frå kampanjen Norsk Målungdom arrangerte for nynorsk i nettavisene til VG og Dagbladet i 2010. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Fem ulike jakkemerke. To jakkemerke med påskrifta «Eg [hjarte] nynorsk» i regnbogefargar og gultNorsk Målungdom laga desse mellom anna i fargane til ungdomspartia og hadde dei med på sommarleirar og på landsmøte. Tre jakkemerke med Ivar AasenAasen med trønderbart er logoen til Studentmållaget i Nidaros, Aasen på reinsdyrryggen er logoen til Studentmållaget i Tromsø, og Aasen som oljesjeik er logoen til Studentmållaget i Stavanger.  
Sjå større bilete her.

Framsida til pamfletten Kva skal vi med sidemål? Argument og fakta (Samlaget, 2013) skriven av Janne Nygård og Vebjørn Sture. Boka var ein del av det politiske arbeidet Norsk Målungdom gjorde for å hindre at det vart færre karakterar i sidemål då læreplanane blei endra i 2013. Målungdommen delte ut boka til politikarar, lærarstudentar og andre i fleire år seinare. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Heftet Den nynorske draumelæraren. Korleis arbeida med nynorsk i lærarutdanningane? som Norsk Målungdom og Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet gav ut i 2019. Les hefte her.

Medlemsbladet Motmæle. Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 2, 2013). Denne utgåva handlar mellom anna om Nynorskstafetten i 2013 og kåringa «Noregs mest sexy nynorskbrukar». Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av avisa her.

Medlemsbladet Motmæle, Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 4, 2016). Denne utgåva handlar mellom anna om haustkonferansen Fleirspråkleg framtid, samisk revitalisering og striden av om administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av avisa her.

Banner med påskrifta «Nynorske læremiddel no!» Banneret blei måla til læremiddelstreikane i 2007. Slike banner blei seinare hengde opp på landsmøte og leirar. Sjå eit større bilete av banneret her.

Plakat med påskrifta «Huga på nynorsk, dialekt og språkmangfald? Kom på PIZZAMØTE!» Norsk Målungdom laga plakaten i samband med eit ope møte på Gol vidaregåande skule som var ein del av Nynorskstafetten 2017. Sjå større bilete her.

Eit flygeblad som er laga som russekortet til Ivar Aasen. Norsk Målungdom laga dette til kampanjen Nynorsk russetid i 2016. Målet med kampanjen var å få Russeservice og Russedress til å tilby russekort og anna materiell til russetida på nynorsk. Sjå større bilete her.

Framsida av eit flygeblad med påskrifta «Nynorsk myteknusar». Norsk Målungdom hadde i 2017 kampanjen Nynorsk myteknusar for å skulere medlemmene sine i korleis dei kunne svare på vanlege nynorskmytar. Dei laga videoar og nettstaden nynorskmyteknusar.no, mellom anna inspirert av nettstaden samiskmyteknuser.no. Sjå større bilete her.

To klistremerke.  
Eitt med påskrifta «Bergen lufthaMn Flesland #nynorsk» som Studentmållaget i Bergen laga i 2014 etter at Avinor nekta å følgje mållova og skilte på nynorsk på Flesland. Studentmållaget i Stavanger laga tilsvarande for Stavanger lufthamn Sola.  
Eitt med påskrifta «Oppdater! Ein kampanje for digitale læremiddel på nynorsk» som Norsk Målungdom laga i 2018.  
Sjå større bilete
 her.

Norsk målungdom på 2010-talet

I åra mellom 2010 og 2019 var språkleg mangfald, sidemål og nynorsk i lærarutdanningane viktige saker for Norsk Målungdom. Dei arbeidde aktivt for at aviser som VG, Dagbladet og Aftenposten skulle opne for nynorsk, noko både VG og Aftenposten gjorde dette tiåret. Dei arbeidde òg meir saman med andre ungdomsorganisasjonar som kjempa for andre minoritetsspråk, i tillegg til å få med medlemmer frå alle dei norske ungdomspartia.

Kampen for sidemål

Diskusjonar om sidemål har vore harde heilt sidan skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål blei innført for elevar i vidaregåande skular i 1912. Motstanden mot skriftleg sidemålsopplæring vaks særleg då nesten alle elevar skulle lære både nynorsk og bokmål då ungdomskulen blei innført i 1969. Kampen om sidemålet sin plass i norskfaget prega også 2000- og 2010-talet, og i 2019 vart det igjen slått fast at sidemålsordninga skulle verte ståande gjennom dei nye læreplanane .

Ung på 2010-talet

Kvardagen til både unge og vaksne vart stadig meir digitalisert på 2010-talet, med mellom anna digitale læremiddel, appar og sosiale media og kanalar. Samstundes auka talet på ungdom som fall ut av vanleg vidaregåande skule. Fleire alternative tilbod og linjer vart etablerte for å gje fleire rammer for læring enn klasserommet.

« — Jeg skjønner hvorfor vi bør lære nynorsk, men kunne tenkt meg meir kreativ undervisning. Nå sitter vi stort sett bare å pugger grammatikk, kanskje kunne vi heller ha brukt flere lærebøker på nynorsk eller brukt fleire nynorske medier.»

Norsk Målungdom var ikkje den første ungdomsorganisasjonen i Noreg for språk, og sidan 1960-talet har det vore mange organisasjonar som har arbeidd for andre språk. Her er nokre døme på andre språkpolitiske ungdomsorganisjonar som har arbeidd for andre språk enn nynorsk.

Kvensk: Kvääninuoret – Kvenungdommen

Ungdomsorganisasjon Kvääninuoret (Kvenungdommen) har sidan starten i 2008 engasjert kvenske ungdommar med mål om å utvikle kvensk språk, kultur og samfunn. Kvensk har vore brukt i fleire hundre år, men fekk ikkje status som nasjonalt minoritetsspråk før 2005.

Samisk: Noereh, Davvi Nuorra, NSR-U og andre

Unge samar har sidan tidleg på 1900-talet vore med i kampen for samisk språk, kultur og næring, mellom anna gjennom samiske ungdomsorganisasjonar som NSR-U (1990-), Davvi Nuorra (1995-2007) og Noereh (2009-). Dei samiske språka er urfolksspråka i Noreg og har vern gjennom samelova frå ÅR, språklova frå 2022 og ei rekkje internasjonale avtalar.

Riksmål: Studentenes Riksmålsforening, Ungdommens Riksmålsforening og fleire

Sidan før den landsdekkjande organisasjonen Riksmålsforbundet blei skipa i 1907, har ungdom og studentar arbeidd for riksmålssaka. Riksmål var fram til 1929 namnet på bokmål, og har etter det vore brukt om ein ikkje-offisiell variant av bokmål. Ungdommens Riksmålsforening vart starta i 1975, men lagt ned på 1990-talet. Seinare har Riksmålsforbundet hatt fleire lokallag for ungdommar og studentar.

Norsk teiknspråk: Norges Døveforbunds Ungdom

I over hundre år blei bruken av teiknspråk undertrykt. Den landsdekkjande ungdomsorganisasjonen Norges Døveforbunds Ungdom (NDFU, 1984-) kjempar for døve og tunghøyrte born og unge sine rettar til mellom anna gode opplæringstilbod og tilrettelegging på teiknspråk. Ein stor siger kom då norsk teiknspråk fekk statusen sin som nasjonalt teiknspråk då dette vart skrive inn språklova i 2021.

Målfront, Vestlandsfa'n og Motmæle er tre aviser frå Målungdommen. Digitalisert av Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum.

Kampen for språkmangfald

Arbeid med det språklege mangfaldet i Noreg har lange tradisjonar i målrørsla. Sjølv om Målungdommen hadde «Nynorsk som einaste riksmål!» som slagord på slutten av 1980- og 1990-talet, har Målungdommen fleire gongar nytta posisjonen sin til å støtte andre språk og organisasjonar rundt dei gjennom samarbeid og støtte.

Medlemsblad i Norsk Målungdom: frå Apropos til Motmæle

Å gi ut eit eige blad har lenge vore ein effektiv måte for organisasjonar å spreie meiningane sine på. Blada til Målungdomen sentralt og lokallaga hadde ein leiande funksjon i målrørsla og nådde ut til fleire enn dei som var aktive i eit lokallag, mellom anna ved at dei blei spreidde til skular og bibliotek.

Medlemsjuks-saka: «Idealisme på ville vegar»

TV 2-programmet Rikets tilstand avslørte i 2002 omfattande medlemsjuks i Norsk Målungdom. Dermed viste det seg at organisasjonen hadde fått meir i offentleg støtte enn dei skulle ha, som førte til at andre organisasjonar fekk mindre. Etter avsløringane stod Norsk Målungdom svekt att, men i åra etter la medlemmer og støttespelarar ned ein stor innsats for å berge organisasjonen.

Fotografi frå arkivet til Norsk Målungdom. Biletet er teke i Bergen under ein dataaksjon 13. mai 2000. Foto: ukjend

Trykk på knappen under for å sjå meir frå Norsk Målungdom på Digitalt Museum.

Nynorsk kultursentrum 2021 

Medverkande
Ansvarleg redaktør: Gaute Øvereng
Prosjektansvarleg: Tone Slenes
Fagansvarleg og prosjektleiar: Fredrik Hope
Forfattarar: Fredrik Hope, Øystein Hide, Stina Aasen Lødemel
Bidragsytarar: Siri Beate Gjerde, Stine Stennes Hovdenakk
Formgiving: Line Omland Eilevstjønn
Teknisk tilrettelegging: Anders Kalvatn
Språkvask: Språkverkstaden

Innspel og tilbakemeldingar kan sendast til fredrik.hope@nynorsk.no.