​​Diktkonkurranse – Verdas poesidag​

olav h hauge og bodil cappelen i austdalen
Olav H. Hauge og Bodil Cappelen i Austdalen. Foto: privat.

Kjærleik – kva er det? Det kjem i mange former, er ein viktig grunnstein i samfunnet vårt, og er ikkje minst eit kjent tema i kulturen vår. Den kan vera stor og liten, lett og vanskeleg, mild som ein bris og sterk som ein storm. Ein kan elska alt mogeleg: Ein person, eit kjæledyr, ein stad, musikk, litteratur og anna. I samband med Verdas poesidag 21. mars inviterer Haugesenteret til diktkonkurranse med nettopp kjærleik som tema. Me håpar nettopp DU har lyst å bli med!

Diktaren Olav H. Hauge er kjent for å ha skrive om ulike kjensler heile livet sitt. Han fann kjærleiken seint i livet, og gifta seg då han var 70 år. I diktet «Du var vinden» skriv han om drivkrafta kjærleiken kan ha.  

Du var vinden
Eg er ein båt utan vind.
Du var vinden.
Var det den leidi eg skulde?
Kven spør etter leidi
når ein har slik vind! 

Olav H. Hauge 

Kanskje du har kjent på nettopp dette som Hauge skriv om?

Er du mellom 6 og 18 år, så skriv eit dikt om kjærleiken, då vel! Diktet kan vera basert på eigne erfaringar, kva kjærleik tyder for deg og verda du lever i, eller det kan vera knytt til Hauge sitt dikt. Du vel sjølv form og om du vil skriva på rim eller ikkje. Send diktet til anja.haugland.svingen@nynorsk.no innan fredag 15. mars. 

Haugesenteret kårar to vinnarar på Verdas poesidag 21. mars. Vinnardikta blir publisert på  Haugesenteret sin nettstad og i sosiale medium. Dikta vil bli premierte.