Nynorsk.no / Aktuelt / Diktkonkurranse – verdas poesidag 21. mars
Diktkonkurranse – verdas poesidag 21. mars

Håp og framtid – to små, men også store ord. Kva tenkjer du om dei? Har du ord som lengtar etter å koma på papiret? Tankar om framtida, draumar om noko nytt, eller eit håp som spirer i ei uroleg tid? Med utgangspunkt i verdas poesidag 21. mars inviterer Haugesenteret alle til å setja ord på si eiga forståing av håp og framtid.
I ei tid som stadig er i endring kjenner mange på uro knytt til utfordringar og konfliktar – både globalt og personleg. I ei slik tid kan ord vera eit ljos og gje håp. Poesien har kraft til å gje stemme til håpet, måla, framtida, og fanga det som ligg mellom draum og røynd.
Den store diktaren Olav H. Hauge sette ord på lengten etter noko nytt i diktet «Det er den draumen«. Diktet minner oss om at håpet er med oss – at noko uventa og vakkert kan venta der framme, sjølv om det kan vera vanskeleg å sjå no.
Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
No er det din tur til å løfta pennen og setja ord på papiret. Kva håp ber du på? Kva framtid ser du føre deg? Diktet kan vera basert på eigne erfaringar, verda du lever i, eller det kan vera knytt til Hauge sitt dikt. Du vel sjølv form, og om du vil skriva på rim eller ikkje. Send diktet til anja.haugland.svingen@nynorsk.no innan måndag 17. mars.
Haugesenteret kårar tre vinnarar på verdas poesidag 21. mars. Vinnarkategoriane er: born, ungdom og vaksen. Vinnardikta vert premierte og vert publiserte i lokalavisa, og på Haugesenteret og Nynorsk kultursentrum sine sosiale medium.