​​Diktkonkurranse – Verdas poesidag​

Illustrasjonsbilete av Olav H. Hauge sitt skrivebord
Skrivebordet til Olav H. Hauge. Foto: Agurtxane Concellon

Som ungdom i dag kjenner du nok godt til orda “klimakrise” og “naturtap”. I samband med Verdas poesidag 21. mars inviterer Haugesenteret til diktkonkurranse med nettopp miljøendringar som tema. Me håpar nettopp DU har lyst å bli med! 

I sine fyrste dikt og gjennom heile sitt skrivande liv brukte Olav H. Hauge livet i naturen rundt seg som eit utgangspunkt for å skriva dikt. Fuglen, fossen, fjorden og graset. I diktet “Det eg hugsar best” kan me lesa om ein uro for det Hauge ikkje lenger ser i naturen.  


DET EG HUGSAR BEST  

Det eg hugsar beste frå barndomen,  
er vinden.  
No er det ikkje vind att.  
Ikkje vind, 
og ikkje fuglar, 
kor skal det då gå? 

Olav H. Hauge

Kanskje du kjenner på nettopp dette som Hauge skriv om? Kva er det me menneske gjer med jorda vår, og korleis kan me byrja å ta vare på jorda heller enn å utarma ho?   

Er du mellom 15 og 18 år, skriv eit dikt om dei miljøendringane du opplever. Diktet kan vera basert på eigne erfaringar og tankar, eller du kan velja å gå i dialog med diktet til Hauge. Diktet kan vera på rim eller ikkje. Send diktet til anja.haugland.svingen@nynorsk.no innan onsdag 15. mars.   

Haugesenteret kårar tre vinnarar på Verdas poesidag 21. Mars. Vinnardikta blir publisert på Haugesenteret sin nettstad og i sosiale medium. Dikta vil bli premierte. Eit utval dikt vert også stilt ut i Poesiverkstaden i Haugesenteret.