Eit år med feiring av Tarjei Vesaas

Bilete av Tarjei Vesaas og katten
Tarjei Vesaas. Foto: Rolf Chr. Ulrichsen

20. august 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas (1897–1970) blei fødd. Nynorsk kultursentrum markerer Vesaas heile året i heile landet. Stiftinga bidreg også med ny innsikt i korleis Tarjei Vesaas’ forfattarskap har kome ut i verda.

Vesaas er ein av dei viktigaste forfattarane i Norden, og blei i 1964 den første norske forfattaren som fekk Nordisk råds litteraturpris.

– Me vil vere med på markeringa som går føre seg på tunet til diktarheimen på Midtbø i Vinje laurdag 21. august og under Litteraturdagane som startar 26. august er jubileet ein stor del av programmet, seier arenaleiar Petra J. Helgesen ved Vinjesenteret.

Mellom anna kjem professor i historie og forskar i Nynorsk kultursentrum Narve Fulsås til Litteraturdagane for å snakke om utgjevingar av bøkene til Vesaas i utlandet. Forskingsartikkelen om dette er også tilgjengeleg for alle i tidsskriftet Edda. Nynorsk kultursentrum er også straks klar med ei ny vandreutstilling om Vesaas i verda, mellom anna basert på forskinga til Fulsås. Stiftinga har også gjort minneintervju med Guri og Olav Vesaas, borna til Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

– I samband med Festspela i juni markerte Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda også Vesaas-året med fagdagen Tarjei Vesaas 125 år: Seks blikk på ein forfattarskap, fortel avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur, Tone Slenes. På fagdagen fortalde forskarar om forsking på Tarjei Vesaas’ forfattarskap, spreiinga av bøkene hans i utlandet og om å setje musikk til litteraturen.

Vesaas-året vil også bli markert ved den tredje festivalen til Nynorsk kultursentrum, Poesifestivalen i Ulvik 9.–11. september. Då vil litteraturforskar Fredrik Parelius forelese om Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge si dikting. Stein Versto og Knut Hamre hyller Vesaas med foredrag og felespel. I samarbeid med Nynorsk kultursentrum har Versto også halde foredrag om Is-slottet og Tarjei Vesaas i Hallingdal, og skal besøkje biblioteka i Gudbrandsdalen i haust. Han skal også på turné med Den kulturelle skulesekken i Vestfold og Telemark.

Skulebiblioteket ved Skeisvang videregående er eit av biblioteka i Nynorsk kultursentrum si satsing nynorske pilotbibliotek. I haust skal elevane ved skulen intervjue Tore Renberg om både eigen og Vesaas’ forfattarskap.

Det vil også kome andre spennande samtalearrangement på slutten av året, knytt til ei ny bok frå Vesaas’ eige forlag Gyldendal, der kjente forfattarar nyles og reflekterer rundt tekstar av Vesaas. 

Nynorsk kultursentrum opna Vesaas-året med ei spennande framsyning av Is-slottet med isperkusjon av Terje Isungset og lesing ved Arnhild Litleré under ismusikkfestivalen i Ål i februar.

Alle dei gode tiltaka er støtta av Vinje kommune, Kulturrådet og Bergesenstiftelsen.